Hopp til innhold

«Professoren» må bli i britisk fengsel inntil vidare

Engelsk høgsterett avviste i dag ei avgjerd i ein lågare rettsinstans om at ein fengsla italiensk mafiaboss kunne setjast fri mot kausjon.

Kona og dottera til "Professoren" utanfor rettslokalet i London.

Kona og dottera til «Professoren» skjulte ansikta sine for fotografane utanfor rettslokalet i London.

Foto: ANDREW WINNING / Reuters

Domenico Rancadore (64) vart arrestert 8. august i år i London, der han budde saman med den engelske kona si og dei to borna deira. Då hadde han vore på flukt frå italiensk politi i 20 år. I den sicilianske mafiagrupperinga Cosa Nostra gjekk han under namnet «Professoren», fordi han var utdanna lærar.

Han har heile denne tida stått på italienske styresmakter si liste over dei mest farlege forbrytarane på flukt.

– Spreidde terror

Domenico Rancadore har vore ettersøkt av italiensk politi i over 19 år.

Eit over 20 år gammalt bilete av Domenico «Professoren» Rancadore

Foto: HO / Afp

Ifølgje italiensk politi brukte han læraryrket som eit skalkeskjul for det han eigentleg dreiv med, som leiar av ein gjeng som «spreidde terror» på Sicilia. Politiet på Sicilia seier at gjengen hans «systematisk tok livet av alle som ikkje retta seg etter organisasjonen sin vilje».

Westminster forhøyrsdomstol avgjorde sist måndag at han kunne setjast fri mot kausjon, men aktoratet anka avgjerda til høgsterett av frykt for at han kunne stikke av. Italiensk politi er svært interessert i å få han utlevert, slik at han kan starte soninga av ein dom på sju år som han stakk av frå i 1993.

Rancadore budde i eit middelklassenabolag i det vestlege London under namnet Marc Skinner, og han var godt likt blant naboane. Ingen hadde mistanke om at han var ein ettersøkt mafiasjef.

– Risiko for flukt

Høgsterettsdommar John Goldring sa etter rettsmøtet i dag at trass i at Rancadore har hatt hjarteproblem i det siste, så er det stor risiko for at han kan greie å stikke av. Det er derfor ikkje tilrådeleg å setje han fri mot kausjon, sa han.

Huset til «Professoren» i Uxbridge i London.

I dette huset i bydelen Uxbridge i London budde Domenico Rancadore saman med familien.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Det blir likevel eit nytt rettsmøte i Westminster forhøyrsdomstol 16. desember, men det italienske kravet om utlevering skal behandlast 20.- og 21. februar 2014.

Kona og dottera til «Professoren» var til stades i rettssalen då saka hans vart behandla. Det er uklart om kona kjende til den eigentlege identiteten til mannen.

LES OGSÅ: Mafiaen største bedrifta i Italia

LES OGSÅ: - Mafiaen sterkare enn staten

LES OGSÅ: – Mafiaen testet droner på 90-tallet

SISTE NYTT

Siste nytt