Hopp til innhold

Ettersøkt mafiaboss levde fredeleg familieliv i London

Etter nesten 20 år på flukt frå italiensk politi, er Cosa Nostra-veteranen Domenico «Professoren» Rancadore (64) arrestert i London.

Domenico Rancadore har vore ettersøkt av italiensk politi i over 19 år.

Dette biletet av Domenico Rancadore er over 20 år gammalt.

Foto: HO / Afp

Arrestasjonen sende sjokkbølgjer blant naboane i villastrøket i Uxbridge i den nordvestlege delen av den britiske hovudstaden i går kveld. Ingen hadde mistenkt den sjarmerande italienaren for å vere ein mafiasjef på flukt.

Naboen Joan Hills seier at ho kjenner dei som familien Skinner.

– Ein god nabo

– Eg kjenner han svært godt. Han er ein av dei beste naboane du kan tenkje deg. Familien har budd her i årevis, seier ho til avisa The Guardian. Ho fortel at paret har to born som har vakse opp saman med hennar eigne born.

Ein talsmann for politiet opplyser at han har budd i området saman med den engelske kona si, og saman har dei drive eit reisebyrå. – Han har levd eit komfortabelt liv her, seier han lakonisk.

Angelino Alfano

Innanriksminister Angelino Alfano kallar Rancadore for ein av dei farlegaste på den italienske ettersøktlista.

Foto: Pier Paolo Cito / Ap

Domenico Rancadore regjerte med hard hand avdelinga av den sicilianske mafiaen Cosa Nostra si avdeling i bydelen Trabia i Palermo på 1980- og 1990-talet. Han skal ha vore ein av toppane i den såkalla Caccamo-kommandoen, som har røtene sine i landsbyen Caccamo utanfor Palermo.

Dømd «in absentia»

Rancadore greidde å stikke før han vart arrestert av italiensk politi, og han er seinare dømd til sju års fengsel «in absentia» for blant anna utpressing, organisert kriminalitet og narkotikabrotsverk.

Han har vore på lista over dei mest ettersøkte i Italia sidan 1994. Han var ettersøkt gjennom Interpol, og London Met Police opplyser at arrestasjonen skjedde etter ei langvarig etterforsking. Han blir framstilt for utlevering til Italia i Westminster Magistrates' Court i dag.

Dmomenico Rancadore, eller Marc Skinner, namnet han har levd under i Storbritannia, har vore ettersøkt via Interpol sidan januar 2012.

LES OGSÅ: – Mafiaen testet droner på 90-tallet

LES OGSÅ: Topp-politikarar og mafia-gudfedre tiltalte i same rettssak

Utdanna lærar

Han fekk tilnamnet «Professoren» fordi han var utdanna lærar, og lærarjobben var eit skalkeskjul for den kriminelle verksemda han var ansvarleg for. Det høyrer med til historia at sjølv om Rancadore har vore ettersøkt av italiensk politi, har han heile tida heva lærarpensjonen.

Desse pengane har ifølgje det italienske nyheitsbyrået ANSA gått inn på den italienske kontoen hans heile tida medan han har vore ettersøkt. Korleis han har kunna gjort det utan at politiet fekk snusen i det, er uklart.

- Ein av dei farlegaste

Italias innanriksminister og visestatsminister Angelino Alfano uttrykte på ein pressekonferanse i Roma i dag glede over at Racadore no er arrestert:

- Det er ei glede for meg å fortelje at ein av dei farlegaste kriminelle på flukt vart arrestert i går kveld i London. eg er takksam overfor italiensk og britisk pioliti. Nok ein viktig mafiasjef er arrestert og skal setjast i fengsel, sa Alfano blant anna.

LES OGSÅ: Mafia-topp frå solsenga på Bali til fengselscelle i Italia

LES OGSÅ: - Mafiaen sterkare enn staten

LES OGSÅ: Politiet tok han på senga

SISTE NYTT

Siste nytt