Hopp til innhold

– Berre rabalder frå Nord-Korea

Nudelkongen «Mr. Lee» (73) meiner det ikkje er grunn til å frykta ein ny krig på Korea-halvøya etter åtaket tysdag. Han kom sjølv til Noreg som flyktning frå Koreakrigen i 1953.

Video Mr. Lee om Korea-konflikten

VIDEO: Mr. Lee seier det ikkje er grunn til å frykta ein ny krig på Korea-halvøya.

– Kvar gong Nord-Korea er i naud finner dei på slikt rabalder for å få litt hjelp og merksemd. Dette har skjedd før. Dei berre leikar med elden, seier Mr. Lee, eller Lee Chul-ho som han eigentleg heiter.

To sørkoreanske soldatar vart drepne, mange vart såra og fleire hus sett i brann i eit nordkoreansk granatåtak mot øya Yeonpyeong nær grensa til Nord-Korea tysdag morgon norsk tid.

Ringte broren i Sør-Korea

Lee meiner åtaket kom fordi Nord-Korea ikkje lenger får så mykje mat i støtte frå sør, og fordi dei har ein ny ung leiar som vil visa styrke.

Korea-ekspertar fryktar no at det vil bryta ut ein ny krig mellom dei to landa, men Lee seier det ikkje er noko som tyder på at situasjonen vil verta så alvorleg.

Nudelkongen ringde straks til bror sin i Sør-Korea då han fekk høyra om det som hadde skjedd.

– Dei finn på mykje rart i Nord-Korea, men nordmenn treng ikkje uroa seg. Bror min seier det ikkje er nokon fare for at det no vil bryta ut krig mellom Nord-Korea og Sør-Korea, fortel han.

Treft av granat under Korea-krigen

«Mr.Lee» har sidan 1990-talet gjort stor suksess med konseptet om å selgja porsjonspakar med instant-nudlar.

Slik har den smilande nudelgründeren vorte Noregs mest kjende koreanar. Men oppveksten hans var ikkje like lysbetont. Under Koreakrigen på 1950-talet fekk han sjølv kjenna det anspente forholdet mellom dei to nabostatane på kroppen.

Han var skulegut i den sør-koreanske byen Chonan då Koreakrigen braut ut i 1950.

På flukt frå dei nordkoreanske styrkane vart han alvorleg skadd av ein granatsplint, og blei teken hand om av eit norsk feltsjukehus.

Behovet for behandling ved eit skikkeleg sjukehus, førte deretter til at Mr.Lee vart send til Noreg.

Han kom til Oslo som 17-åring i 1953, same året som Nord- og Sør-Korea inngjekk våpenkvile og Koreakrigen tok slutt. «Mr.Lee» var blant dei aller første koreanske innvandrarane i landet.

Uroa studentar

Ved Universitetet i Oslo går det no 37 sør-koreanske studentar. I dag var mange uroa, då dei vakna til nyheita om det urovekkjande som hadde skjedd i heimlandet.

Video Koreanske studentar om Korea-konflikten

VIDEO: Koreanske studentar i Oslo fryktar for familiane sine.

– Eg er bekymra for foreldra mine og familien min, seier den sørkoreanske studenten Kim Joo Hye. Ho har eit syskenbarn som tener i militæret i Sør-Korea.

– Det kunne like godt ha vore syskenbarnet mitt som vart drepe i dag, seier ho.

Det første ho gjorde var å ringa familiane sine for å sjekka at alt var i orden, og via internett oppdaterer ho seg på siste nytt.

Men heller ikkje ho fryktar at det no kan bryta ut ein ny krig mellom dei to erkefiendane.

– Dette har skjedd fleire gonger i historia, seier Kim.

SISTE NYTT

Siste nytt