Hopp til innhold

"Merapi" truar med nytt utbrot

Alle som bur innanfor ein radius på 10 kilometer frå den indonesiske vulkanen «Merapi», har fått ordre om å forlate heimane sine.

Vulkanfjellet "Merapi" på Java i Indonesia truar med utbrot.

Over 11.000 menneske er evakuerte frå området rundt den indonesiske vulkanen 'Merapi'.

Foto: DWI OBLO / Reuters

Evakueringa rundt vulkanfjellet "Merapi" i Indonesia er i full gang.

Folk har no starta evakueringa frå heimane sine rundt vulkanfjellet 'Merapi' på Java i Indonesia.

Foto: DWI OBLO / Reuters

Det er gitt evakueringsordre til rundt 11.500 menneske. Politiet og hæren skal bistå under evakueringa.

Styresmaktene i Indonesia har auka beredskapsnivået i området rundt vulkanen til høgste nivå av frykt for eit større utbrot. Den vulkanske aktiviteten i krateret har auka markant i løpet av helga, blir det opplyst.

LES OGSÅ: Evakuerer vulkanofrene på Java

LES OGSÅ: Indonesia erklærer unntakstilstand

I løpet av helga har det vore rundt 500 vulkanske jordskjelv i området

«Merapi» hadde sist utbrot i 2006, og då miste to menneske livet. Eit langt større utbrot fann stad i 1994, då 70 menneske omkom.

Det kraftigaste utbrotet i moderne tid var i 1930, då 1300 menneskeliv gjekk tapt.

Video Ny røyk fra vulkanen Merapi i Indonesia

VIDEO: Sjå 'Merapi' vakne til liv igjen.

LES OGSÅ: Indonesia ber verda om hjelp

LES OGSÅ: - 200.000 hjemløse etter jordskjelv

- Akkurat no har vulkanen aktivitet enn før utbrotet i 2006. Det er førebels uklart om utbrotet vil bli like kraftig som i 1930, men vi kan ikkje utelukke det, seier vulkaneksperten Sri Suruno til nyheitsbyrået AFP.

Vulkanfjellet «Merapi», 2914 meter over havet, ligg på den tett befolka indonesiske øya Java. Vulkanen er den mest aktive av i alt 69 vulkanar på øya som har hatt kjende utbrot.

LES OGSÅ: - 200.000 hjemløse etter jordskjelv

LES OGSÅ: Dødstala stig etter jordskjelvet