Hopp til innhold

«Like»-boom for Marine Le Pen

Innvandringskritiske Nasjonal Front og deira leiar har fått tusenvis av nye følgjarar på Facebook etter terroråtaket. Men trass populariteten får ikkje partiet delta på ei stor nasjonal minnemarkering på søndag – som einaste parti.

POY-POL/ RNPS: YEAREND REVIEW 2014: POLITICS

Marine Le Pen er ei populær dame, og har etter terrorangrepet fått langt fleire følgjarar i sosiale medium enn sine motstandarar.

Foto: ROBERT PRATTA / Reuters

Le Pen, Facebook

Marine Le Pen har fått langt fleire følgjarar dei siste dagane, enn kva ho vanlegvis får.

Foto: Skjermdump

Det innvandringskritiske Nasjonal Front er eit parti som oppnår stadig meir støtte i Frankrike. Ved lokal- og EU-valet i mai i fjor fekk partiet heile 25 prosent av stemmene, og vart dermed Frankrikes største parti.

Det som starta som eit protestparti har vakse seg såpass store at dei no kjempar om makta i landet. Men partiets motstand mot innvandring, sjølvbestemt abort, likestilling for homofile og deira ønske om å innføre dødsstraff har fått mange franskmenn til å halde seg unna.

«Liker»-boom

Men etter gårsdagens brutale terrorangrep kan mange franskmenn ha bestemt seg for å gi det islam-kritiske partiet ein sjanse. Heile 18.000 nye Facebook-følgjarar er fasiten for partileiar Marine Le Pen. På vanlege dagar får ho 700 nye følgjarar. Også partiet har opplevd ei stor følgjarauke på sosiale medium.

Til samanlikning har president François Hollande fått 10.000 nye følgjarar, og tidlegare president Nicolas Sarkozy sitt parti har fått 1000 nye følgjarar sidan terrorangrepet i går.

Samstundes som folk trykker «liker» går også debatten om Nasjonal Front si deltaking i sorgprosessen etter angrepet mot Charlie Hebdo. Fleire meiner Le Pen og Nasjonal Front bør halde seg borte, blant dei tidlegare leiar for fransk SOS Rasisme.

– Nasjonal Front er merka av sin historie. Det er ingen plass for dei i søndagens markering, skreiv Julien Dray på sin Twitter-konto.

Le Pen er heilt klar på at ho og partiet blir ekskluderte.

– Det er soleklart. Dei seier at Nasjonal Front ikkje er velkomne til eit arrangement, som alle andre parti er inviterte til. Det finst ikkje lengre noko nasjonal einskap, den forsvann på grunn av terroristane sine handlingar, rasar Le Pen til nyheitsbyrået AFP.

(Artikkelen held fram under biletet)

FRANCE-POLITICS/ France's far-right National Front political party leader Marine Le Pen arrives to attend a meeting at the Elysee palace in Paris

Marine Le Pen var fredag morgon på veg inn til eit møte med president François Hollande. På agendaen skal søndagens minnemarkering ha stått.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

Le Pen tek til orde for dødsstraff

Fleire franske politikarar har vore opptekne av å dysse ned den religiøse dimensjonen ved gårsdagens terror. Marine Le Pen har ikkje vore ein av dei. Ho har derimot teke til orde for at det må takast eit oppgjer med radikal islam, men skilt mellom vanlege muslimar og radikale muslimar.

Ho har også teke opp att ein kampsak for Nasjonal Front det siste døgnet, nemleg dødsstraff for særs grove brotsverk.

– Eg vil gjerne tilby Frankrike ei folkerøysting om dødsstraff. Personleg synest eg at det burde eksistere ein slik straffemoglegheit, sa Le Pen til France2 på onsdag.

– Slår politisk mynt på terroren

Marine Le Pen har sagt at ingen må spele politisk mynt på terroraksjonen, men fransk-kjenner og statsvitskapsprofessor ved Universitetet i Oslo, Raino Malnes, meiner ho likevel gjer det.

– Ho forsøker både å stå fram som ein seriøs politikar som ikkje vil slå politisk mynt på ein politisk tragedie, samstundes som ho gjer nettopp det. Det gjer ho ved å fremme eit forslag som ikkje inneber at ho hoverer og seier «kva sa vi», men ved at ho viser veljarane at Nasjonal Front står for ein heilt anna politikk, seier Malnes.

Han meiner Nasjonal Front kan auke si oppslutning etter terrorangrepet.

– Det som har skjedd kan tene Nasjonal Front, fordi dei er dei som har åtvara sterkast mot islamisering. Men vanlegvis i slike tilfelle er det den sittande regjeringa som får auka støtte, fordi det er i augneblink som dette at folk summer seg og ser alvoret i situasjonen. Men kva den politiske effekten av dette kjem til å bli, er vanskeleg å seie, meiner Malnes.

Professoren meiner uansett at det er den tronge økonomiske situasjonen i Frankrike som er hovudårsaka til den aukande støtta til Nasjonal Front. Om Nasjonal Front sin politikk bidreg til meir radikal islamisme i Frankrike vil ikkje Malnes meine så mykje om, men at det er ein motsett effekt, er han ikkje i tvil om.

– Radikal islam er ein av faktorane til at folk vil kunne gi si stemme til Nasjonal Front, meiner Malnes.