Hopp til innhold

«Komiske Sally» fekk sparken

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

No er det slutt på Reem Haddad sine forsvarstalar for det syriske regimet.

Etter å ha forsøkt å forsvare uforsvarlege angrep på demonstrantar i Syria overt lang tid, ser det no ut som at «Komiske Sally» har fått sparken som talsperson for det syriske regimet.

Ho viste seg ikkje på TV-skjermen i går, og den syriske ambassaden i London stadfestar overfor The Times at ho er fjerna frå sjefsposisjonen sin i syrisk TV og gitt ei mindre rolle i utanriksavdelinga.

Ifølgje avisa var forsvarstalane hennar så latterlege at det syriske regimet til slutt bestemte seg for at ho gjorde meir skade enn godt.

«Komisk» sjarmoffensiv

Uro i Syria

Dei hevdar at det er pøblar som er ute etter bråk som skapar frykt i gatene.

Foto: - / Afp
Demonstrasjon i byen Amuda i det kurdiske området nordøst i Syria fredag

Det syriske regimet hevdar at dei ikkje har sett demonstrasjonar i landet.

Foto: YOUTUBE / Afp
Syriske flyktninger på vei til en leir i Idlib, nært den tyrkiske byen Guvecci i Hatay

Og at folk som flyktar 'berre vil heim til mor'.

Foto: MUSTAFA OZER / Afp

Reem Haddad var sett på som ein del av ein syrisk sjarmoffensiv, eit forsøk på å sette eit vakkert ansikt på ei stygg konflikt.

Men gjentekne forsøk på å tone ned alvorsgraden av det som skjer i landet, gjorde at ho raskt vart samanlikna med «Komiske Ali», mannen som var talsmann for Saddam Hussein under den siste invasjonen i Irak.

Ifølgje Haddad var demonstrantane i gatene «opprørarar» og talet på døde kraftig overdrivne. Ho påstod også at verken politiet eller militæret hadde skuld i dei blodige kampane.

– Vil berre heim til mor

Ei av dei merkelegaste utsegna frå kvinna var då ho forklarte at flyktningar som prøvar å komme seg over grensa til Tyrkia , berre var på veg heim.

– Mange av dei synest det er best å reise til andre sida av grensa fordi dei har familie der, forklarte ho.

– Det er litt som at om du har eit lite problem i gata du bur i, og mor di bur i nabogata, så reiser du på besøk til mor di ei lita stund.

Faren til Haddad var tidlegare syrisk diplomat i Aust-Tyskland, og skal ha forma det hemmelege politiet i Syria etter modell frå Stasi.

Haddad sjølv skal ha vore involvert i den prosessen med stanse opposisjonen sine protestar. Men etterkvart som demonstrasjonane har blitt kvassare, har ho i hovudsak fått rolla som ein engelsktalande forsvarar av det syriske regimet.

  • Les:

Nervøst regime

Reem Haddad

Eit pent ansikt på ei stygg konflikt. Reem Haddad hadde jobben med å forsvare det syriske regimet, men har no fått sparken.

Foto: Skjermdump Al-Jazeera

Ifølgje Haddad er demonstrantane «væpna gjengar som er ute etter å skape kaos og terror». Ho insisterer på at dødstal må bli verifiserte av uavhengige kjelder, sjølv om det syriske regimet ikkje vil sleppe utanlandske journalistar inn i landet.

– Eg veit at media brukar dette augevitne-greiene, men vi har kamera overalt, og vi har ikkje sett demonstrasjonar nokon stad, sa ho til britiske Radio 4 i eit intervju der ho til slutt la på røret etter å ha slått fast:

– De kan ikkje lekse opp for meg. Beklager, men eg må avslutte dette intervjuet.

Dette og andre intervju har blitt underhaldning for folk utanfor Syria, og det er no vurdert at sidan Haddad no har fått sparken, så er det eit teikn på at regimet har blitt veldig nervøse.

SISTE NYTT

Siste nytt