Hopp til innhold

«Kaninhole» var gammal tempelgrotte

Det mange trudde var ei kaninhole på eit jorde i England, viste seg å vere ei grotte som kan ha blitt brukt av Tempelriddarane for fleire hundre år sidan.

Knights templar cave

Grotta kan vere fleire hundre år gammal.

Foto: Michael Scott / Caters News Agency

Ifølgje dei lokale segna vart Cayton-hola nær Shifnal i Shropshire brukt av Tempelriddarane.

Sjå video nedst i saka.

Brukt til ritual i nyare tid

Det er uvisst når grotta vart brukt og når den vart bygd, Ifølgje nettstaden Historic England vart den truleg bygd på slutten av 1700-talet eller tidleg på 1800-talet, hundrevis av år etter at ordenen vart oppløyst. I nyare tid ser det ut som den er brukt til å utføre spirituelle ritual.

I 2012 måtte dei stenge grotta for å hindre vandalistar og dei som utøver spirituelle ritual.

BBC har snakka med Michael Scott frå Birmingham, som gjekk for å fotografere hola etter å ha sett ein video av den på nettet.

– Om ein ikkje veit at den ligg der, så vil dei fleste berre gå rett forbi. Den er i fantastisk stand med tanke på kor gammal den er, seier han.

Tunnelen fører til eit nettverk av gangvegar skore ut av sandstein, samt skrift på vegger. Enkelte stader er det så trongt at ein må ned på alle fire for å ta seg fram.

SISTE NYTT

Siste nytt