Hopp til innhold

«Kalifatet» står for fall, kor blir det av framandkrigarane?

IS blir drivne frå skanse til skanse, snart har dei også mista hovudstaden sin Raqqa. Men kor blir det av krigarane? Ekspertane meiner dei gøymer seg blant dei sivile.

SYRIA-CRISIS/IRAQ Militant Islamist fighter waving a flag, cheers as he takes part in a military parade along the streets of Syria's northern Raqqa province

FEIRAR KALIFATET: Ein IS-krigar feirar at Raqqa er vunne, og at kalifatet er blitt grunnlagt i 2014. No er det berre spørsmål om tid før IS har mista kontrollen over byen som vart kalla IS-hovudstaden.

Foto: STRINGER / Reuters

Det er berre eit spørsmål om tid før IS har tapt Raqqa:

– Det siste angrepet vil byrje søndag, sa ein kommandant til Reuters.

Syrias demokratiske styrkar, som hovudsakleg er kurdarar, har teke 90 % av byen. IS-krigarane har forskansa seg ved sjukehuset i byen.

Eit teikn på at rørsla byrjar å bli desperat, er at dei laurdag for første gang bad kvinner om å utføre terroråtak.

Samtidig blir det rapportert at IS-krigarane dreg med seg sivile som levande skjold i gatekampane.

Laster Twitter-innhold

Frå lufta har amerikanske kampfly bomba veg for bakkestyrkane, slik dei også gjorde i Ramadi, Mosul og Hawija.

Lika av døde IS-krigarar hopar seg opp i Raqqa, men kor blir det av dei som overlever?

– Skjuler seg blant dei sivile

Det er ingen som veit nøyaktig kor stor hæren til IS er. Tala har variert frå "titusenvis" til 200.000.

Eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) hevdar IS har 50.000 krigarar i Syria og 30.000 i Irak.

Og frykta er stor for at desse radikaliserte og blodtørstige krigarane har gått i skjul blant sivile, når motstanden har blitt for hard.

Desse krigarane framleis er farlege:

– Dei er eit stort problem, seier forskar Aymenn al-Tamimi, som er tilknytt Middle East Forum.

Han viser til at slike sovande terror-celler i gjenerobra byar kan angripe når som helst.

– Sjølv om mange lokale veit kven desse jihadistane er, så er dei redde for å tyste på dei, seier Rami Abdulraham i eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) til nyheitsbyrået Ap.

Eit eksempel på dette er Mosul, der daglege attentat og bomber beviser at det finst IS-operatørar som skjuler seg blant dei sivile.

Irakiske styrkar har teke i bruk ein database for å plukke ut IS-krigarar blant dei sivile, men innrømmer til nyheitsbyrået Ap at metoden er mangelfull.

– Det er mange krigarar igjen i Mosul, flest i gamlebyen, seier ein kjelde i den irakiske hæren til nyheitsbyrået Ap.

MIDEAST-CRISIS/IRAQ-MOSUL

I KØ FOR NAUDHJELP: Sivile i Mosul står i kø for å ta imot naudhjelp. Forskarar fryktar at IS-krigarar kan gøyme seg i slike køar, og at dei andre er redde for å seier frå.

Foto: YOUSSEF BOUDLAL / Reuters

Framandkrigarar med ryggen mot veggen

Amerikansk etterretning trur rundt 40.000 personar har reist til Syria og Irak for å slutte seg til IS.

For dei som ikkje har arabisk utsjånad eller språk, er det særs vanskeleg å skjule seg blant lokalbefolkninga. Dei er også gjerne etterlyst i heimlandet, og vel heller å kjempe vidare, enn å bli arrestert.

– Det er mange utanlandske IS-krigarar som ikkje vil gi opp, og som vil kjempe svært hardt, seier ein kommandant for koalisjonen mot IS til nyheitsbyrået Ap.

Ein ser også ein aukande trend til at det er utlendingane som blir brukt i sjølvmordsåtak, skriv Ap.

Søker tilflukt i restane av «kalifatet»

Sjølv om det sokalla «kalifatet» til IS krympar raskt, har dei framleis eit område i den aude Eufrat dalen mellom Syria og Irak.

Fleire forskarar nyheitsbyrået Ap har snakka med seier at IS har skifta fokus til å forsvare dette området.

Den britiske terrorforskaren Charlie Winter seier at IS har flytta store mengder soldatar til denne regionen, før offensivane mot Mosul og Raqqa byrja.

– Det kan bety at kampen om småbyar som Al Mayadin kan bli overraskande hard, seier Winter til Ap.

SISTE NYTT

Siste nytt