Hopp til innhold

Russisk «propagandasjef» hevdar britane et ekorn til middag

På direktesendt TV påstår «jerndokka til Putin» at restaurantar i Storbritannia må servere ekorn fordi landet betalar dyrt for våpen til Ukraina.

Ekorn i Regents Park, London. Biletet er teke i 2020.

IKKJE EI NY DELIKATESSE: Påstanden om at britane et ekornkjøt, kan vere kopla til ein nyleg miljøkampanje av Exmoor Squirrel Project.

Foto: Sigurd Schaathun / NRK

– I dag blei det avdekka at nokre restaurantar i det ein gong store Storbritannia kjem til å servere ekorn, seier Olga Skabejeva på direktesendt TV.

– Med tanke på at det finst massevis av dyr i parkane, kvifor ikkje ete dei, sidan dei har matmangel?

Utdraget frå det russiske debattprogrammet «60 minutt» er delt på Twitter og latterleggjort av ein rådgjevar av den ukrainske innanriksministeren.

Talkshow-verten kritiserer vidare britane sin pengebruk på våpen i Ukraina, trass i eigne økonomiproblem.

– Dei et ekorn, og bidreg likevel med Howitzer-artillerivåpen, seier ho vidare.

-

Olga Skabejeva leiar det russiske TV-programmet «60 minutt».

Skabejeva er ein av Russland sine mest påverknadsrike talkshow-vertar, og er kjend for å kome med grove og udokumenterte skuldingar på direktesendt TV.

Fleire kjenner henne som «Putin si jerndokke», eller «Putin sin propagandasjef på TV».

Ho er ei av få russiske kvinner som har sanksjonar mot seg frå vestlege land og som er svartelista av EU.

– Ikkje vanleg propaganda-retorikk

Det er ikkje nytt at russiske propagandistar går hardt ut mot stormaktene som sender våpen til Ukraina.

Dette er likevel ikkje «typisk russisk propaganda-retorikk», seier statsvitar Jørn Holm-Hansen ved Oslo Met.

Jørn Holm-Hansen er seniorforsker ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR på Oslo Met og har jobbet en del med Polen som tema.

Jørn Holm-Hansen forskar på blant anna russisk politikk ved Oslo Met.

Foto: Privat /

Han forskar blant anna på russisk politikk og propaganda, og har følgt med på programmet til Skabejeva.

– Det er fantasifullt, seier han, og viser til eit stort spenn av kontroversielle påstandar på programmet.

– Skabejeva har blant anna sagt at Russland skulle nytta høvet til å sleppe ei atombombe over London då den gamle dronninga skulle bli gravlagd, for då var det så mange antirussiske statsleiarar til stades.

Formålet er såkalla infotainment, eller nyheiter som underhaldning, ifølge Holm-Hansen.

Frå Instagram-kontoen til Olga Skabejeva.

«Så mykje hat i kommentarfeltet viser berre at det vi gjer er rett», skriv Skabejeva under dette biletet på Instagram.

– Det er absolutt eit teater. Det er underhaldande, og litt på nivå med desse i USA der dei inviterer folk som skal fortelje om skjebnen sin og blir mobba.

Holm-Hansen seier programmet ofte legger fram argument på ytre høgresida, og at styresmaktene ofte prøvar seg fram med mogleg propagandamateriale.

– Dersom dei merkar at noko ikkje slår an, så sluttar dei med det, seier han, og meiner at ekorn-teorien truleg høyrer til i denne kategorien.

– Eg trur ikkje det er nokon grunn til å tru at russarar flest er så lite orienterte om forhold rundt omkring i verda at dei trur det er vanleg å ete ekorn lenger vest i Europa.

Kan ha blitt inspirert av miljøkampanje

For litt over ei veke sidan lanserte organisasjonen Exmoor Squirrel Project ein kampanje i Storbritannia, for å att-introdusere raude ekorn til britisk natur.

Dette krev at bestanden av grå ekorn minkar på ein human måte, fordi dei er flinkare å skaffe seg mat, tek større plass og toler eit virus som tek livet av dei raude.

Organisasjonen vil derfor at folk set ut feller på tomta si, og at restaurantar startar å servere rettar med ekornkjøt i seg.

Maine Daily Life

Eit raudt ekorn angrip eit grått ekorn i konkurranse om mat. Exmoor Squirrel Project seier utkonkurreringa gjer at det raude ekornet forsvinn.

Foto: Robert F. Bukaty / AP

– Dersom vi ikkje set i gang ein god handlingsplan, kjem vi ikkje til å kjenne att landskapa våre i det heile lenger, seier leiar Kerry Hosegood til BBC.

Ho viser til at dei grå ekorna har gjort stor skade på britiske skogar.

– Det raude ekornet er den arten som høyrer til her, og i Storbritannia er bestanden nede i 120.000 for raude samanlikna med det vi reknar å vere 3 millionar invaderande grå.

Denne saka blei plukka opp av fleire store britiske medium, men ikkje diskutert direkte på «60 minutt» i Russland.

Bidrog med nest mest militærstøtte i 2022

Det er ikkje noko nytt at russiske medium kritiserer vestleg våpenstøtte til Ukraina. Spesielt Storbritannia har fått gjennomgå av propagandistane.

I 2022 bidrog landet med militærhjelp verd 2,3 milliardar pund, eller nesten 30 milliardar kroner, seier britiske styresmakter sjølve.

Beløpet er det nest største noko land har stilt med sidan krigen starta, og er eitt dei har forplikta seg til å matche i 2023.

Berre USA brukar meir pengar på militærstøtte til Ukraina.

Ukrainian military recruits take part in ceremony to mark the first anniversary of the Russian invasion of Ukraine at a military base in Britain

Ukrainske rekruttar på ei militærbase i Storbritannia.

Foto: HENRY NICHOLLS / Reuters

Den britiske statsministeren Rishi Sunak sa då den ukrainske presidenten besøkte landet sist månad at alle typar våpenstøtte ville vere aktuelt – inkludert britiske kampfly.

Samtidig slit han med å få kontroll på den britiske økonomien. Storbritannia er det einaste av G7-landa som har mindre å rutte med no enn før pandemien.

I starten av 2023 var inflasjonen over 10 prosent. Statsgjelda er på veg opp, og både privatpersonar og selskap slit med høge levekostnader.

Sunak har lova å halvere inflasjonen, få vekst i økonomien og redusere statsgjelda. Tre av dei fem løfta han kom med til det britiske folk til 2023, handla om økonomien.

Den britiske ambassaden i Noreg ville ikkje kommentere på Skabejeva sine påstandar, eller pengebruken i Ukraina i samband med utfordringane på heimebane.

SISTE NYTT

Siste nytt