Ein titt på nettstaden
viser at havområdet mellom Cuba og Florida Keys har unormalt lite skipstrafikk. Dette er eit til vanleg sterkt trafikkert havområde, men i dag er det få skip å sjå på radarbileta. Skipa som er i området ser ut til å vere på veg ut.Det same gjeld flytrafikken. Det er til vanleg stor trafikk på dei internasjonale flyplassane i Miami og Fort Lauderdale på ein laurdag, men i dag er det langt mellom flya, viser radarbiletet frå nettstaden
.Lite flytrafikk i Florida i forhold til ein normal laurdag.
Foto: Skjermdump fra Flightradar.comEitt av skipa som er ramma av orkanen er det «norske» cruiseskipet «Norwegian Escape». Ifølgje NTB siglar det flytande luksushotellet med rundt 4000 gjestar om bord, utan mål. «Irma» avgjer når skipet kan gå i land.
Skipet gjekk ut frå Miami 2. september, og skulle etter planen stoppe i Honduras, Belize og Mexico før returen til Miami i dag. Dei droppa avgangen i Mexico og gjekk direkte tilbake til Miami for å sleppe av passasjerane.
Passasjerane om bord på «Norwegian Escape» lir ingen naud, trass i at det er uvisst når dei kjem til land igjen. Dette biletet er teke i Miami sist torsdag.
Foto: Brian Witte / APEin god del av passasjerane, pluss passasjerar frå eit anna cruiseskip, valde å bli med «Norwegian Escape» til sjøs igjen, i staden for å kjempe om leigebilar og flyavgangar med andre i Florida.
Talskvinne for Norwegian Cruise Line, Vanessa Picariello, seier til NTB at dei har fortalt passasjerane når eller kvar dei kan setjast i land, men at dei gjer alt dei kan for å returnere så snart det er trygt.
Norwegian Cruise Line er eit Miami-basert cruiserederi, som tidlegare var norskeigd.