Hopp til innhold

– Hovudmenn bak terrortrussel mot Europa drepne

Åtte personar er drepne i eit angrep frå eit amerikansk førarlaust fly i Pakistan. Ifølgje etteretningskjelder står minst ein av dei bak dei nye terrorplananen mot Europa.

Fransk politi overvåkar Notre Dame

Fransk politi overvåkar Notre Dame.

Foto: Laurent Cipriani / Ap

Eiffeltårnet

Ei politipatrulje held oppsikt med Eiffeltårnet etter ein bombetrussel.

Foto: LIONEL BONAVENTURE / Afp
Brendenburger Tor i Berlin

Brendenburger Tor i Berlin er eitt av dei moglege terrormåla, ifølgje Fox News.

Foto: BARBARA SAX / Afp

Fem tyskarar med tyrkisk opphav og tre lokale militante vart drepne i angrepet i Nord-Waziristan i går kveld.

Det seier sikkerheitskjelder i Pakistan til nyheitsbyrået AFP.

Angrepet skjedde i Mir Ali Bazaar som ligg i området som grensar mot Afghanistan og som husar fleire stammekrigarar som har band til Taliban og Al Qaida.

Det er også her dei siste avsløringane om terrorplanar mot Europa skal stamme frå.

Hovudmennene funne

Mennene ein trur står bak dei nye terrorplanane mot Europa, skal no vere identifiserte og lokaliserte. Det stadfestar den pakistanske ambassadøren til USA, Hussain Haqqani.

– Fleire av dei som har vore involverte i terrorplanlegginga er funne, og resten er heilt klart i søkjelyset til amerikansk, pakistansk og europeiske ettereting, seier han.

I går kveld kom meldingane om at fleire av dei ein trur er hovudmennene skal vere drepne i eit angrep frå amerikanske førarlause fly.

Ei pakistansk etteretningskjelde opplyser at minst ein tysk statsborgar, som skal ha vore sentral i planlegginga av terroraksjonen, var mellom dei drepne.

– Hadde terrorplanar

Ifølgje nyheitsbyrået AP hadde dei angripne ei liste med mål for moglege terrorangrep i Europa.

Minst 70 tyskarar skal ha delteke på militær trening i Pakistan og Afghanistan. Om lag ein tredel av dei skal ha reist tilbake til Tyskland.

Fleire stader i Europa er sikkerheitsnivået blitt skjerpa. Det er spesielt på flyplassar at det er frykt for terrorangrep.

På lista skal det ifølgje Fox News ha vore nemnd kjende turistmål som Eiffeltårnet og Notre Dame i Paris, og Brandenburger Tor i Berlin.

Amerikanske og tyske media seier det var tysk etteretning som avslørte kvar dei moglege terroristane oppheldt seg, og at dei fekk informasjonen frå ein tysk statsborgar som vart avhøyrt ved Bagram-basen i Afghanistan.

Åtvara om terrorfare

Ifølgje pakistanske kjelder var det 21 angrep med førarlause fly i september, som til saman tok livet av 120 menneske. Dette er det høgste månadlege dødstalet for slike angrep.

Angrepet i går kom etter at både Japan, Sverige, Storbritannia og USA åtvara mot moglege terrorangrep i Europa.

I dag har Australia gjort det same.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt