Hopp til innhold

«Golden State Killer» dømd til livstid i fengsel

Den tidlegare politimannen og seriemordaren Joseph James DeAngelo jr. vart i dag dømd til livstid i fengsel for 13 drap og valdtekter.

Joseph James DeAngelo Jr., Golden State Killer i retten 20. august 2020.

LIVSTID: Joseph James DeAngelo Jr., også kjend som «Golden State Killer», vart dømd for fleire drap og valdtekter på 70- og 80-talet.

Foto: Santiago Mejia / AFP

DeAngelo, som er kjend som «Golden State Killer», tilstod drapa og valdtektene i juni. Dette gjorde han som del av ei avtale for å sleppe ein mogleg dødsdom. Han har òg tilstått fleire valdtekter som er forelda, melder nyheitsbyrået AP.

Den no 74 år gamle DeAngelo var aktiv i California på 70- og 80-talet, og dei mange uoppklara sakene spreidde stor frykt i delstaten.

Beklaga til offer

Ifølgje påtalemakta vart til saman 87 offer i 53 ulike saker råka av gjerningane hans. I tillegg står han truleg bak over 100 innbrot.

Dei siste dagane har fleire offer og pårørande forklart seg for retten. Rettssaka har blitt flytta til eit lokale på Sacramento State University for å få plass til alle.

– Eg har høyrt på alle uttalene dykkar. Kvar einaste av dei. Og eg er verkeleg lei meg, sa DeAngelo før dommaren las opp domen.

På frifot til 2018

DeAngelo var ein fri mann heilt til 2018. Då vart DNA-materiale frå ei av valdtektene han var skuldig i samanlikna med ein database brukt til slektsforsking. Politiet fann då fram til ein av DeAngelo sine slektningar, og følgde sporet tilbake til han.

Ein av aktorane i saka, Tim Ward, uttalte i retten at måten saka vart løyst på kan gje håp til offer i fleire uløyste saker.

– Når vitskap og teknologi utviklar seg vert rommet for slik vondskap mindre og mindre. For å seie det enkelt, DNA vil aldri gløyme, sa Ward.

Då han vart arrestert budde DeAngelo i Sacramento nord i California saman med ei av sine tre døtrer og eit barnebarn. Ingen i familien ante noko om kva bestefaren hadde gjort.

SISTE NYTT

Siste nytt