17-år gamle Jeff Weise, som sjølv også var indianar, var eit mobbeoffer. Faren hans tok livet av seg for fire år sidan, og mor hans ligg på sjukehus etter at ho vart skadd i ei bilulukke nyleg.
Elevar ved Red Lake High School trøystar kvarandre etter tragedien. (Foto: AP/Scanpix)
Han har lefla med nazisympatiar på Internett, der han kalle seg death angel, dødsengel. I innlegg på Internett har han sagt at han var ein varm tilhengjar av Adolf Hitler.
I andre innlegg skreiv Jeff Weise at han hadde tru på at ei nasjonalsosialistisk rørsle kunne fungere i reservatet, og at han hadde planar om å rekruttere medlemer på skulen.
- Dei einaste som er motstandarar av synspunkta mine, er lærarar på skulen og ein stor del av elevorganisasjonen, som trur at ein nazist er ein kjeltring som vil ha kvitt herredøme. Dei fleste innfødde eg kjenner er forgifta av det dei har lært på skulen, skreiv han.
I fjor var han mistenkt for å ha planlagt å sprengje Red Lake ungdomsskule i lufta på Hitler sin fødselsdag 20. april. Han vart likevel aldri dømd for dette.
I natt norsk tid tok han først livet av bestefaren og venninna hans, etter å ha stole eit våpen frå bestefaren, som var politimann.
Så køyrde han til skulen, der han skaut og drap sju menneske. I tillegg vart 15 andre skadde i skytinga.
Til slutt skaut Jeff Weise seg sjølv, og avslutta på den måten også sitt eige liv.
Reggie Greaves var ein av dei som kom fysisk uskadd frå skytinga på Red Lake High School. (Foto: AP/Scanpix)