Hopp til innhold

«Dora» aukar til orkan styrke

Den tropiske stormen «Dora» har auka til orkan styrke, og herjar no i nærleiken av populære feriestader på Mexicos sørkyst.

Orkanen Dora nær Mexico

Satelittfoto av orkanen Dora nær Mexicos vestkyst tysdag.

Foto: HO / Afp

Dora eskalerte i styrke seint tysdag kveld, og blir dermed den fjerde orkanen i Stillehavet i den inneverande orkansesongen.

Orkanen hadde ifølgje nyheitsbyrået AFP vindar med styrke på opptil 120 kilometer i timen då den passerte om lag 400 kilometer sør for den kjende meksikanske feriebyen Acapulco.

Kraftigare i løpet av dagen

Kraftig regn fell no over dei sørlege delstatane i Mexico, men så langt har ikkje orkanen bevega seg inn over land.

Ifølgje meteorologane er Dora på veg nordover, og vil truleg streifa kysten av Baja California nordvest i Mexico mot slutten av veka.

«Den kjem til å halda same kursen dei kommande dagane, men vil truleg spakna litt», opplyser det amerikanske stormsenteret i Florida, ifølgje Reuters.

Meksikanske og amerikanske orkansenter trur Dora kan utvikla seg til ein enda sterkare orkan i løpet av onsdagen.

Kan bli livstrugande

Mexico har ingen store oljeinstallasjonar ved Stillehavskysten, men sukker- og kaffiavlingar i området risikerer å verta øydelagde av flaum som følgje av orkanen.

Seinast i slutten av juni omkom tre menneske då orkanen Beatriz råka Acapulco.

Det amerikanske orkansenteret åtvarar om at tropiske stormar som råkar land også kan utløysa livstrugande bølgjer og straumar på sjøen i kyststroka.

Skipstrafikken gjekk likevel som normalt ved dei meksikanske hamnene i området tysdag kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt