Hopp til innhold

«Den kvite enkja» etterlyst av Interpol

«Den kvite enkja», britiske Samantha Lewthwaite, er etterlyst av Interpol på vegner av kenyanske styresmakter. Det har vore spekulert i om ho medverka til terrorangrepet i Nairobi sist veke.

Det falske sørafrikanske passet til Samantha Lewthwaite.

Dette er den falske identiteten Samantha Lewthwaite har levd under i Sør-Afrika.

Foto: HANDOUT / Reuters

Samantha Lewthwaite var gift med ein av terroristane som gjennomførde angrepet mot undergrunnsbana i London i juli 2005. Ho er etterlyst av kenyanske styresmakter fordi dei meiner ho deltok i planlegginga av eit angrep i landet i desember 2011.

Sørafrikansk pass

Samanta Lewthwaite alias "Den kvite enkja".

Samantha Lewthwaite har levd under falsk identitet i Sør-Afrika, men det er uklart kvar ho oppheld seg no.

Foto: - / Afp

Angrepet mot fleire hotell og restaurantar i landet vart avverja, men Samantha Lewthwaite vart aldri arrestert. Heller ikkje britisk politi veit kvar ho oppheld seg, men det er kjent at ho i ein periode har budd i Sør-Afrika og hatt eit falskt sørafrikansk pass.

Det har vore spekulasjonar om at «Den kvite enkja» deltok i terroraksjonen mot kjøpesenteret Westgate i Nairobi. Dette ryktet fekk næring etter at ein kenyansk statsråd sa at det var ei kvinne blant terroristane. På ulike sosiale medium på Internett vart det hevda at det var ho som leidde angriparane på Westgate.

Kenyanske styresmakter har ikkje funne bevis for at den britiske kvinna deltok, men britisk politi har sagt at ho er mistenkt for det.

Britisk konvertitt

Samantha Lewthwaite

Samantha Lewthwaite saman med mannen Germaine Lindsay, som deltok i London-terroren i 2005.

Foto: SOLO Syndication / Solo Syndication

Den somaliske terrororganisasjonen Al Shabaab, som har teke på seg skulda for angrepet, har heile tida avvist at det var kvinner med på aksjonen.

Samantha Lewthwaite fekk tilnamnet «Den kvite enkja» fordi ho er britisk konvertitt. Uttrykket «Dei svarte enkjene» har vorte brukt om enkjer etter terroristar som driv mennene sitt arbeid vidare, og dette har spesielt vore eit fenomen i Tsjetsjenia og andre russiske delrepublikkar i Kaukasus.

Lewthwaite er 29 år gammal, og like etter terrorangrepet mot London i 2005 var ho sterkt kritisk til det mannen hennar hadde vore med på. I eit intervju med avisa The Sun i september 2005 sa ho blant anna at mannen hennar, Germaine Lindsay, hadde vorte påverka av radikale islamske miljø.

– Enkel og naiv mann

Samantha Lewthwaite

Samantha Lewthwaite vart intervjua av The Sun to månader etter London-terroren i 2005.

Foto: ANDREW STUART / AP

– Det er forferdeleg at desse menneska hadde forgifta sinnet hans. Han var ein enkel og naiv mann. Han måtte ha vore den ideelle kandidaten, sa ho i intervjuet. Ho sa også at han vart svært sint når han såg korleis muslimar vart drepne i Irak, Bosnia, Palestina og Israel, og at han brukte å seie at det alltid var dei uskuldige som vart drepne.

Seinare kom det fram at Lewthwaite hadde teke opp arven etter mannen. Ho byrja å vanke i såkalla islamistiske miljø, men ho greidde å kome seg ut av Storbritannia før ho vart arrestert.

Interpol opplyser at den britiske 29-åringen kan operere under det falske namnet Natalia Webb, men at dette truleg berre er eitt av fleire alias ho nyttar

190 land over heile verda deltek i det internasjonale politisamarbeidet i Interpol.

Gift med kenyansk mann

Lewthwaite er i dag gift med ein kenyansk mann. Kenyansk politi meiner at ho var i Kenya i 2011, og at ho leigde fleire hus i eit dyrt område i kystbyen Mombasa. Her meiner politiet at planen var å bruke husa til å lage bomber, som seinare skulle brukast i ein terroraksjon.

Dei meiner ho og mannen høyrer til ei kenyansk gruppe som samarbeider med Al Shabaab. Politiet trur at ho reiste til Somalia i desember 2011. Ho oppheldt seg i eitt av husa i Mombasa politiet trur skulle brukast til bombeproduksjon, men sidan ho hadde eit sørafrikansk pass vart ho set fri.

Etter dette har ho opphalde seg ein periode i Sør-Afrika.

Sjølvmordsbombarar i London i juli 2005.

Dei fire sjølvmordsbombarane i London fanga opp av eit overvakingskamera på jernbanestasjonen i Luton. Germain Lindsay nr. to frå venstre med mørk caps.

Foto: AP

LES OGSÅ: Al-Shabaab: – 137 drepte

LES OGSÅ: Britisk statsborger arrestert etter terroren i Kenya

SISTE NYTT

Siste nytt