NRK Meny
Normal

– Livredde passasjerar fekk ordre om å gå til lugarane sine like før skipet gjekk ned

Ei av dei tilsette på «Costa Concordia» sa i retten i Grosseto i dag at livredde passasjerar fekk ordre om å gå tilbake til lugarane sine, like før skipet gjekk ned.

POY/ REUTERS NEWS PICTURES - IMAGES OF THE YEAR 2012

Slik låg «Costa Concordia» like utanfor fjøresteinane på øya Giglio etter grunnstøytinga.

Foto: MAX ROSSI / Reuters

32 menneske omkom då «Costa Concordia» gjekk ned like utanfor øya Giglio på kysten av Toscana i Italia i januar 2012. Rettssaka etter ulukka starta i Grosseto i juli og held framleis på.

Ei 32 år gammal peruansk kvinne jobba om bord som assistenten til cruisedirektøren. I eit dramatisk vitnemål i retten i dag fortalde ho at ho fekk direkte ordre om å be passasjerane om å kome seg tilbake til lugarane sine, melder det italienske nyheitsbyrået ANSA .

– Desperate passasjerar

Francesco Schettino

Kapteinen på «Costa Concordia», Francesco Schettino.

Foto: Andrew Medichini / Ap

– To born var sakna. Vi var fleire som leitte etter dei. Passasjerane var desperate etter å kome seg i livbåtane. Vi hadde ein klar ordre om å halde dei tilbake, sa ho i vitnemålet sitt. Ho måtte fleire gonger ta pause i vitnemålet fordi ho gret.

Aktor Stefano Pizza viste i retten i dag også ein video som ein av passasjerane hadde tatt like etter at «Costa Concordia» hadde gått på grunn. Lyset gjekk på heile skipet etter grunnstøytinga, og videoen viser at 32-åringen gir denne beskjeden til passasjerane:

– Vi har problem med det elektriske anlegget. Vi arbeider for å løyse problemet. Alt er under kontroll.

LES OGSÅ: Schettino fri frå husarrest – men torer seg ikkje ut

LES OGSÅ: Concordia-kapteinen ber om unnskyldning

Menneske-lenkje

Då ordren om evakuering endeleg kom, fortalde 32-åringen, var ho med på å danne ei menneske-lenkje for å få passasjerane om bord i livbåtane. Det var 150 menneske om bord i livbåten ho kom med på, fortalde ho.

– Eg såg skipet krengje. Eg var så redd. Eg var trygg, men eg tenkte på dei som framleis var om bord, sa ho i vitnemålet sitt. Det var då ho byrja å be, sa ho.

– Eg sa til Gud. Fortel meg kva eg skal gjere for å hjelpe alle passasjerane.

Sjefen til 32-åringen frå Peru, cruisedirektøren, avviste delar av vitnemålet hennar då det var hans tur i retten i ettermiddag.

LES OGSÅ: Turistnæringen lider ett år etter Costa Concordia forliset

LES OGSÅ: - Ingen enkeltperson kan holdes ansvarlig for grunnstøtingen

– Farleg ved samlingsplassane

– Eg bad ikkje assistenten min å sende passasjerane tilbake til lugarane. Men det var farleg å la dei opphalde seg på samlingsplassane ved livbåtane. Så eg syntest det var betre å få dei inn i salongane, der det var tryggare og der dei kunne få varme klede og medisin, sa han i vitnemålet sitt.

Cruisedirektøren sa også i retten i dag at kaptein Claudio Schettino gav han ordre om å seie at dei hadde mist elektrisiteten, at vi arbeidde med å reparere det elektriske anlegget og at passasjerane skulle halde seg i ro.

Schettino er skulda for å ha ført «Costa Concordia» altfor nær land på Giglio, slik at skipet gjekk på ei undervassklippe, som stod merkt på kartet. Han er også skulda for å ha forlate skipet før han hadde forsikra seg om at passasjerane var trygge.

LES OGSÅ: Vil bli historiens dyreste vrakfjerning

LES OGSÅ: Costa Concordia på rett kjøl

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt