– Brende har fått ein varm potet i fanget

Verdas yngste land har ei lang, blodig historie. To borgarkrigar, millionar drepne, millionar på flukt. Store norske summar har gått med til bygginga av ein stat som no er i ferd med å kollapse. – Mykje pengar har gitt lite resultat, seier ekspert.

Jubel for Sør Sudans uavhengighet i juli 2011. Men no held verdas nyaste nasjon på å gå opp i liming

Bakteppet til dagens problem i Sør-Sudan er stort og uoversiktleg, og inneheld to borgarkrigar, ein lang frigjeringskamp, politisk misnøye og ei komplisert etnisk samansetting.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp
Øystein Rolandsen

Øystein Rolandsen ved Institutt for fredsforsking, PRIO.

Foto: Julie Lunde Lillesæter / NRK

– Skal den norske regjeringa presse styresmaktene i Sør-Sudan til å ta eit oppgjer med dei siste dagers valdsbruk, eller skal Brende legge seg på ei pragmatisk linje kor han legg vekt på forsoning og politiske kompromiss, spør Sør-Sudan-ekspert, Øystein Rolandsen ved Institutt for fredsforsking, PRIO.

Han er blant dei mange som følger nøye med på kva som skjer i Sør-Sudan, og ventar no på kva Brende vil ta seg til, medan konflikta held fram i det unge landet. Rolandsen viser til at Vestens konfronterande linje ovanfor Sudan ikkje har ført til så mykje anna enn lite påverknadskraft, no må også ei linje peikast ut overfor Sør-Sudan.

– Brende har fått ein varm potet i fanget, seier Rolandsen.

To borgarkrigar og kamp om lausriving

Men problema i Sør-Sudan starta ikkje natt til måndag, då den nye uroa braut ut. Bakteppet til dagens problem er stort, og uoversiktleg, og inneheld to borgarkrigar, ein lang frigjeringskamp, politisk misnøye og ei komplisert etnisk samansetting.

Reint offisielt er det 9. juli 2011 som er startpunktet for den sørsudanske stat. Då hadde sjølvstendeforkjemparane i Sør-Sudan slåst saman mot makta i Khartoum i organiserte former i 40 år, og endå lengre i uorganiserte former.

For kampen for sjølvstende går heilt tilbake til 1956, då Sudan vart uavhengige frå Storbritannia og Egypt. Grupper av, hovudsakleg, menn frå det sørlege Sudan organiserte seg i kampen for sjølvstende frå arabarane i nord. Den første sudanske borgarkrigen braut ut, og varte i 17 år.

South Sudan Violence

Tusenvis av menneske har flykta frå uroa dei siste dagane. Men det er ikkje første gongen folk er på flukt i Sør-Sudan.

Foto: Hailemichael Gebrekrstos / Ap

Ein halv million menneske vart drepne.

I 1972 vart ein fredsavtale inngått mellom partane i sør og nord, men avtalen lukkast ikkje med å ta hand om dei verkelege stridspunkta, og det heile enda i ein ny sudansk borgarkrig som varte frå 1983 til 2005.

Nye hundretusenar døydde som følger av vald, svolt og sjukdom som følgde av konflikten.

Maktkamp i landets einaste parti

I løpet av denne frigjeringskampen vaks det fram ei sterk motstandsrørsle i sør. Og det er denne frigjeringsrørsla som i dag kjempar ein blodig kamp seg imellom for makta i sitt nye land.

Sudan People's Liberation Movement (SPLM) heiter rørsla som i 2011 kunne feire at dei vann kampen om sjølvstende. Sudan People's Liberation Army (SPLA) heiter den militære fløya av rørsla. I dag er SPLM det einaste partiet av ein viss storleik i Sør-Sudan.

– Allereie under borgarkrigen etablerte ein ganske omfattande partistrukturar, som etter kvart har blitt sett litt på sidelinja av den sørsudanske politikken. Men det er framleis viktig for Salva Kiir å ha posisjonen som partiformann. Det vervet er ei viktig kjelde til legitimitet som landets leiar, seier seniorforskar Rolandsen.

SOUTHSUDAN-UNREST/ Internally displaced boys stand next to barbed wire inside a UNMIS compound in Juba

Dei tre gutane er interrnt fordrivne, men har heldigvis hamna på rett side av piggtrådgjerdene. Her frå ein FN-leir i Juba.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Grunnleggjaren av gruppa var John Garang, som leia kampen fram til han døydde i ei helikopterulukke i 2005, same år som opprørarane i sør signerte fredsavtalen med nord. Det var då dagens president Salva Kiir tok over makta av SPLM, og i den posisjonen har han vore fram til i dag.

No har ein ny maktkamp kome til overflata i det einaste store partiet i Sør-Sudan. Den som er leiar for partiet er som oftast også presidentkandidat. Og den som er presidentkandidat for SPLM vert også president.

Rolandsen meiner det i utgangspunktet ikkje treng vere så oppsiktsvekkande med politisk hanekamp i eit land kor det berre er eit gjeldande parti.

– Ein skal ikkje lengre enn til Senterpartiet for å sjå at det kan vere strid om leiarskapet innanfor eit parti. Det skal ikkje mykje til for at eit parti hamnar i ein situasjon der ulike nøkkelpersonar i partiet motarbeider kvarandre. Det er det som har skjedd her, seier Rolandsen.

Blodig historie mellom landets leiarar

Sør-Sudan er eit land med meir enn 200 ulike folkegrupper og ei komplisert etnisk samansetting. Språk er det også mange av, og den religiøse miksen av islam, kristendom og tradisjonelle religionar er også til stades.

Både grunnleggjar Garang og president Kiir tilhøyrar Dinka-folket, som er den største gruppa i Sør-Sudan. Men den tredje viktige personen i SPLM si historie kjem frå Nuer-folket. Han heiter Riek Machar, og er mannen som dei siste dagane har stått bak kuppforsøka i landet.

SOUTHSUDAN/MACHAR File photo of South Sudan's then vice-president Machar speaking to the media in New York

Riek Machar var visepresident fram til juli i år. No har han sagt til den sørsudanske hæren at han ønskjer Salva Kiir fjerna frå presidentstolen.

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

Riek Machar har vore ut og inn av SPLM. I 1991 forlét han rørsla og danna ei eiga gruppe beståande av personar frå nuer- og shilluk-folket, og som hadde som mål å ta makta i SPLM/A frå John Garang.

Men denne krigen mellom ulike fraksjonar har skapt stygge arr i sørsudansk historie. Frå 1991 til 1993 utførte begge sider ugjerningar og massakrar. I ettertid har Machar blitt peikt ut som syndebukken for å ha gitt ordre om å utføre ein massakre den 15. november 1991 i byen Bor, der mange nuerar bur.

Minst 2000 skal ha blitt drepne, og fleire titals tusen flykta og levde i flyktningleire fram til 2005.

Uroa starta då heile regjeringa vart sparka

Machar har i ettertid bedt om orsaking for det som skjedde, og i 2002 vart han på ny tatt inn i varmen og vart ein del av SPLM/A. I dag samarbeider han tett med John Garangs enke, og i 2005 var det naturleg at Machar tok rolla som visepresident.

Men Machar hadde ikkje gitt opp tanken om å gå heilt til topps, og misnøya med president Salva Kiir har vakse jamt innanfor SPLM dei siste åra.

I sommar fekk Machar sparken av president Salva Kiir, fordi visepresidenten sjølv hadde planar om å stille til presidentvalet i 2015. Også resten av regjeringa måtte gå. Og i månadene etterpå har det ikkje vore heilt enkelt å drive politikk i Sør-Sudan.

SPLM, som kan seiast å vere det einaste partiet i Sør-Sudan, har nærast splitta seg i to. Det som for eit år sidan var ein viktig del av maktelita i Sør-Sudan har blitt sett til side, og spliden innanfor partiet har skapt ei spent politisk stemning i landet.

Førre helg skulle fraksjonane i SPLM møtast for å førebu neste års partikongress der formann skulle veljast og strategien fram mot presidentvalet i 2015 skulle bli vedteke. Håpet var at partiet skulle forsonast att.

Men møtet enda i blodbad.

– Dessverre var det slik at Salva Kiir hadde ein særs lite forsonande opningstale, og fleire av forslaga frå opposisjonen vart stemt ned eller ignorert. Det var då ein fekk den ekstremt spente situasjonen som gjekk over i vald, seier Rolandsen.

Frå vondt til verre den siste veka

«Ein eller annan» lausna eit skot utanfor møtelokala der partane var samla, var Salva Kiir si offisielle forklaring, og i ein militærleir oppstod det kampar mellom ulike deler av den sørsudanske hæren. Utover veka har vondt blitt til verre, og no fryktar dei fleste at ein står ovanfor nok ein ny krig.

Ein ny krig i Sudan. Ikkje mellom nord og sør, men mellom dinka og nuer.

Verdssamfunnet har oppmoda på det sterkaste til dialog, men Salva Kiir og Riek Machar har ikkje snakka saman. Machar er etterlyst og saman med fjorten andre skulda for forsøk på statskupp. I går gav han ingen teikn om sameining då han til franske RFI sa at han oppmodar hæren til å kaste president Kiir frå sjefsstolen.

Som om det ikkje var mange nok konfliktlinjer i Sør-Sudan, så er det også splid innan dei ulike etniske gruppene. Og etnisitet har mykje å seie for folket i Sør-Sudan. Medan den moderne verd er i ferd med å viske bort dei etniske motsetnadane i andre afrikanske land, så held sør-sudanarane fast på sine tradisjonar og opphav.

– Som følge av det britiske kolonistyret, så er etnisitet forsterka gjennom klare, territorielle grenser og ved at statsadministrasjonen er basert på det som var britane si oppfatning av etnisitet. Det gjer til at etnisk identitet vert blanda saman med lokalpatriotisme og får eit større mobiliseringspotensial enn det som elles vill vore tilfelle, seier PRIO-forskaren.

SALVA KIIR SUDAN

Forholdet mellom Sør-Sudan og Noreg har vore nært. Her er president Kiir på besøk hos tidlegare statsminister Jens Stoltenberg.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Noreg har delvis feila

Det er mange som no ytrar stor uro for at maktkampen i Sør-Sudan og dei etniske motsetnadane vil skape eit grunnlag for ein blodig og opprivande borgarkrig i Sør-Sudan.

Sør-Sudan har også eit spent forhold til Sudan og det er FN-soldatar til stades i landet, med mandat om å hjelpe Sør-Sudan i jobben med å opprette ein demokratisk stat. No vert også FN-soldatane angripne og drepne.

Noreg er blant landa som har støtta oppbygginga av ein sørsudansk stat. I 2012 fekk landet 428 millionar kroner, og tok med det sjetteplassen på lista over land som har fått bistand frå Noreg. No må norske fredsdiplomatar og hjelpearbeidarar vere vitne til at landet held på med å gå opp i liminga.

– Har Noreg sitt arbeid i Sør-Sudan mislukkast om me ser på situasjonen i Sør-Sudan i dag, Øystein Rolandsen?

– Om me ser på dei pengane som Noreg har gitt totalt sett, så har det gitt lite resultat. Det er fordi mykje av dette har gått til FN og Verdsbanken, og dei har vist veldig skuffande resultat i sitt arbeid, seier Rolandsen, som likevel ikkje vil svartmåle alt av norsk arbeid i Sør-Sudan.

– Mindre summer har blitt gitt til frivillige organisasjonar og til fredsdiplomati. Desse ser ut til å vere meir effektive. Særleg støtte til fredsdiplomati og til interne forsoningsprosessar er viktig, og slik støtte har tidlegare bidratt til å løyse kriser, seier Sudan-forskaren.

– Kan framleis unngå borgarkrig

I likskap med store delar av verda går folket i Sør-Sudan no ei julehøgtid i møte. For mange tusen inneber årets jul eit liv i flyktningleire, for mange andre vil julehøgtida bestå av frykt for kva som kan skje.

– Mykje avheng no av korleis leiarar på toppnivå handterer krisa som no har oppstått. Mykje skade er gjort allereie både økonomisk og politisk. Det tek lang tid å rette på dette, men det er framleis ikkje slik at det må bli ein stor borgarkrig ut av dette. Men det er nok ein borgarkrig folk flest i Sør-Sudan fryktar, seier Rolandsen.

Frykt for kva væpna opprørsgrupper kan finne på å gjere. Frykt for om feil etnisitet kan vere grunn god nok til å bli drepen. Frykt for at krig nok ei gong kan bli middelet som sørsudanske leiarar brukar for å finne ut kven som skal vere landets øvste leiar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt