Hopp til innhold

«Blodmåne» over store delar av verda

Ei total måneformørking, ofte kalla «blodmåne», var laurdag ettermiddag synleg over fleire kontinent.

Ei total måneformørking, ofte kalla «blodmåne», var laurdag ettermiddag synleg over fleire kontinent. Her kan du gjenoppleva den om lag 5 minutt lange totale fasen.

Ei total måneformørking, ofte kalla «blodmåne», var laurdag ettermiddag synleg over fleire kontinent. Her kan du gjenoppleva den om lag 5 minutt lange totale fasen.

Ulike fasar under ei total måneformørking

Slik ser dei ulike fasane under ei total måneformørking ut. Desse bileta er tekne i Kina i 2014.

Foto: STR / Afp
Total måneformørking fotografert i Miyagi, Japan

Her er den totale fasen av måneformørkinga 4. april, fotografert over eit blømande kirsebærtre i Miyagi i Japan.

Foto: ïOìcèÅ / Ap

Dagens måneformørking var ifølgje NASA i den totale fasen rundt klokka 14 norsk tid.

Månen blei fullstendig tildekt og raudglødande i fem minutt, som du kan gjenoppleva i videoen over.

Ifølgje NASA er dette den kortaste måneformørkinga i vårt århundre.

Når formørkinga er total, blir ofte månen farga raud og dette er bakgrunnen for omgrepet «blodmåne».

Det raudlege skjæret kjem av at jorda skuggar for sola som vanlegvis skin direkte på månen og får den til å lysa opp.

Ikkje synleg i Noreg

Denne gongen er blodmånen synleg i store delar av Nord-Amerika, Sør-Amerika, Asia og i delar av Australia.

Fenomenet kjem ikkje til å vera synleg i Europa, Afrika og Midtausten, men du kan følgja formørkinga direkte i videospelaren over.

Den neste totale måneformørkinga som blir synleg i Noreg kjem 28. september i år.

Måneformørkelse

Under ei måneformørking skuggar jordkloden for månen og sperrar dermed for sollyset som månen reflekterer tilbake til jorda .

Foto: NRK

SISTE NYTT

Siste nytt