NRK Meny
Normal

Orkanen «Arthur» truar 4. juli-feiringa

Den første tropiske orkanen denne sesongen, «Arthur», er venta å skape problem for feiringa av den amerikanske nasjonaldagen i delstatane Nord- og Sør-Carolina.

«Arthur» slik han var onsdag kveld norsk tid.

Arthur» fotografert av ein satellitt onsdag kveld norsk tid.

Foto: Ap

Sidan 4. juli kjem på ein fredag var det mange amerikanarar som hadde planlagt ei skikkeleg langhelg på strendene i dei to delstatane. Det var venta at rundt ein halv million menneske hadde planar om å reise til dei populære strendene i langhelga.

Lyn ved Empire State Building.

Lyn flerra mellom skyskraparane på Manhattan. Her Empire State Building.

Foto: TIMOTHY A. CLARY / Afp

Det kan sjå ut til at strandlivet kan bli lite attraktivt, for det er varsla eit heftig uver dei nærmaste døgna.

Farta kan auke

Klokka 11 norsk tid i dag var orkanen 545 kilometer sørvest for Cape Hatteras i Nord-Carolina. Det er venta at kysten av dei to Carolina-statane vil bli ramma av det kraftige uveret i løpet av natta norsk tid.

Vinden er målt til 120 kilometer i timen, men det er venta at farta vil auke i når han nærmar seg land.

Det er varsla ein auka vasstand på rundt 1,2 meter i det populære strandområdet Outer Banks i Nord Carolina, melder Det nasjonale orkansenteret, National Hurricane Center .

Orkansesongen på den amerikanske atlanterhavskysten varar i hovudsak frå 1. juni til 30. november.

Torsdag vart New York ramma av ein uvanleg sterk storm.

«Arthur» gjorde skade på Brooklynbrua i New York.

Den kraftige vinden gjorde skade på den verdskjende Brooklynbrua.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

Uvanleg kraftig

Det var uvanleg kraftig til å vere så langt nord på austkysten på denne tida av året, og stormen gjorde blant anna skade på den velkjende Brooklynbrua.

Det var ein steinfasade på brua som kollapsa, og fem menneske vart lettare skadde.

Det fylgde også eit kraftig lyn- og torever med, og det var eit spektakulært syn då lyna flerra mellom skyskraparane på Manhattan.

Lyn over World Trade Center i New York.

Eit kraftig lyn over World Trade Center sør på Manhattan.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt