Hopp til innhold

«Afrikas Pinochet» dømd til livstid i fengsel

Mannen som styrte det afrikanske landet Tsjad med jernhand frå 1982 til 1990, Hissène Habré, er dømd til fengsel på livstid av ein afrikansk krigsforbrytardomstol.

Hissène Habré i retten i Dakar.

Hissène Habré knytte neven då dommen mot han vart lesen opp i rettssalen i Dakar i dag.

Foto: Carley Petesch / Ap

Krigsforbrytartribunalet i Dakar i Senegal vart etablert av Den afrikanske unionen (AU), og saka mot 73 år gamle Hissène Habré har halde på sidan juli i fjor .

– Hissène Habré, denne domstolen har funne deg skuldig i brotsverk mot menneskeslekta, valdtekt, slaveri og kidnapping, sa presidenten i tribunalet, Gberdao Gistave Kam då han las opp dommen.

– Grufulle overgrep

Rettssak mot Hissène Habré i Dakar.

Det var mange som prøvde å kome seg inn i rettssalen då dommen mot Hissène Habré vart lesen opp i dag.

Foto: SEYLLOU / Afp

Menneskerettsgrupper seier at 40.000 menneske vart drepne under styret hans, medan titusenvis av andre vart utsette for tortur. Tidlegare fangar har fortalt om grufulle overgrep, der Habrés hemmelege politi stod for avanserte torturmetodar.

Det var menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch som gav Hissène Habré tilnamnet «Afrikas Pinochet», etter den mangeårige diktatoren i Chile, Augusto Pinochet. Human Rights Watch avdekte blant anna korleis CIA hjelpte Pinochet til makta i 1973.

– Det at Hissène Habré er dømd for desse forferdelege brotsverka etter 25 år, er ein enorm siger for offera i Tsjad, seier Reed Body i Human Rights Watch. Han har delteke i etterforskinga av Habré

– Denne dommen viser at det er slutt på den tida at ein tyrann kan gjere overgrep mot sitt eige folk, plyndre statskassa, for så å flykte til utlandet og leve i luksus, legg han til.

Hjelp frå utlandet

Også Habré fekk hjelp frå utlandet. Trass i terrorveldet han hadde innført i Tsjad, fekk han våpenhjelp frå USA under dåverande president Ronald Reagan. USA støtta han også med etterretningsinformasjon og rådgjevarar.

Då Muammar Gaddafi og Libya invaderte dei nordlege delane av Tsjad i 1983, sende Frankrike 3000 soldatar til Tsjad for å hjelpe regimet i landet.

Hissène Habré i sine velmaktsdagar i 1983.

Hissène Habré slik han stod fram i 1983. Han var diktator i Tsjad frå 1982 til 1990.

Foto: JOEL ROBINE / Afp

Ein amerikansk tenestemann sa til avisa Washington Post i 2000 at Hissène Habré var ein blodtørstig tyrann og torturist, og at USA visste kven og kva han var. – Vi valde å late att auga, sa tenestemannen blant anna.

På normal diktatorvis gav ikkje Hissène Habré frå seg makta frivillig. Han vart styrta i 1990, og han flykta til Senegal. Her fekk han leve i fred heilt fram til 2005.

Dødsdom in absentia

Då vart eksdiktatoren sett i husarrest, og åtte år seinare vart han sett i fengsel. Ein domstol i heimlandet Tsjad dømde han til døden i absentia i 2008, og same året gjorde Senegal det klart at han kunne stillast for retten der.

Seinare gjekk Senegal tilbake på dette. og dei avviste samstundes eit krav frå Den internasjonale straffedomstolen (ICC) om å utlevere han til domstolen, som ligg i Haag i Nederland.

Etter 16 år med tautrekking mellom Senegal, Tsjad og Den internasjonale straffedomstolen vart dei til slutt samde om at Den afrikanske unionen skulle opprette ein spesialdomstol i den senegalesiske hovudstaden Dakar.

Tsjad - Senegal

SISTE NYTT

Siste nytt