Hopp til innhold

- Jaktar framleis Bin Laden

Ni år etter det mest omfattande terroråtaket på amerikansk jord, er den hovudmistenkte Osama Bin Laden framleis den mest ettersøkte mannen i verda.

I dag er det nøyaktig ni år sidan fire passasjerfly blei kapra av

sjølvmordsaksjonistar ulike stader i USA og brukt som terrorbomber.

I høvet 9-års markeringa forsikra den amerikanske presidenten, Barack Obama i går det amerikanske folket om at den grufulle gjerninga som rysta ei heil verd den 11.september 2001, aldri vil bli gløymt.

Om lag 3000 menneske mista livet i dei koordinerte terroråtaka, som angiveleg skal ha vorte sett ut i livet av den saudiarabiske terroristen Osama Bin Laden.

Ifølgje Reuters bedyra Obama i går at ei pågriping eller drap på al Qaida-leiaren framleis er ein topp-prioritet for amerikanske styresmakter.

Hysteri og redsel

Det var i det travle morgonrushet i New Yorks gater at marerittet tok til. Klokka kvart på ni lokal tid braste eit passasjerfly inn i eitt av tvillingtårna til World Trade Center.

Berre 18 minuttar seinare smalt nok eit passasjerfly inn i tårn nummer to. Eksplosjonar og massive røykmengder fulgte, før begge dei 409 meter høge tårna raste saman.

I verdsmetropolens gater blei tusenvis av lamslåtte og panikkslagne tilskodarar vitne til at hjelpelause menneske kasta seg ut vindaugene i skyskraparane for ikkje å bli slukt av røyken og flammane.

Hjelpemannskap og brannmenn var også blant dei som omkom i forsøket på å redde ut folk som var inne i tårna då åtaka fann stad.

3000 drepne

Fly-åtaket på World Trade Center kom samstundes som eit tilsvarande åtak på Pentagon-bygningen nær Washington D.C.

Det siste flyet, som truleg hadde Det kvite hus som mål, fall ned i Pennsylvania. Seinare etterforsking har konkludert med at flyet styrta i bakken fordi passasjerar ombord i flyet tok affære og forsøkte å overmanne kaprarane.

Anslagsvis 2750 menneske mista livet i World Trade Center, 184 i Pentagon og 40 i flystyrten i Pennsylvania. Det er i ettertid laga fleire filmar om tragedien .

Vonde minne

Terrorangrepet på USA 11. september 2001
Foto: SPENCER PLATT / AFP

Hendinga 11.september var den direkte årsaka til USA sitt åtak på Afghanistan i oktober 2001, som førte til Taliban-regimets fall. «9/11» førte også til at den internasjonale krigen mot terror blei intensivert, og var ein medverkande faktor til invasjonen av Irak i 2003 og den påfølgjande sju år lange krigen.

For mange er det grufulle som skjedde for ni år tilbake som brent fast i minnet. I vekene før 9-års markeringa av «9/11» har fleire konflikter skapt debatt og splitting i det amerikanske samfunnet.

Planar om å byggje ein moskè på Ground Zero, der tvillingtårna ein gong stod, har

Stedet hvor World Trade Center en gang lå.

Planane om å byggje ein moskè på Ground Zero er omstridde.

Foto: DAVID HANDSCHUH / AP

utløyst eit kjenslelada engasjement om amerikanske verdiar og gjeve politikarane vatn på mølla før haustens kongressval.

I tillegg har internasjonale organisasjonar slått alarm etter at ein amerikansk pastor gjorde det kjend at kyrkjelyden hans planla å brenne Koranen , den heilage boka til muslimane, på årsdagen for terrorangrepa.

Osama bin Laden

Osama bin Laden.

Foto: Rahimullah Yousafzai, RAHIMULLAH YOUSAFZAI

SISTE NYTT

Siste nytt