Hopp til innhold

– Hadde ikkje skjedd om Berlusconi var homoseksuell

– Silvio Berlusconi ville ikkje blitt trekt for retten for å ha hatt sex med ein mindreårig, dersom han var homoseksuell, sa Russlands president Vladimir Putin i dag.

Frå v. Francois Fillon, Vladmimir Putin og Romano Prodi.

Vladimir Putin helsar på Frankrikes eks-statsminister François Fillon. Italias eks-statsminister Romano Prodi til høgre.

Foto: RIA NOVOSTI / Reuters

Putin sa at ingen ville ha tort å røyve Berlusconi, om preferansen hans hadde vore menn framfor kvinner.

Den oppsiktsvekkjande fråsegna frå den russiske presidenten kom under ein diskusjon med internasjonale ekspertar og journalistar på Valdai Forum i den nordvestlege Novgorod-regionen.

Latter i salen

Vladimir Putin på Valdai Forum.

Vladimir Putin med nye kontroversielle utsegner på Valdai Forum i dag.

Foto: POOL / Reuters

Valdai Forum er eit diskusjonsforum arrangert av det statlege russiske nyheitsbyrået RIA Novosty, der russiske og utanlandske politikarar og næringslivsleiarar deltek i diskusjonar om ulike spørsmål. Blant dei som var til stades i dag var Italias tidlegare statsminister Romano Prodi.

Utsegna frå Putin vart møtt med latter av tilhøyrarane.

Italias tidlegare statsminister Silvio Berlusconi er tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med ei mindreårig prostituert kvinne, kalla «Ruby hjarteknusaren».

LES OGSÅ: Obama møtte homofile for å markere Putin-motstand

LES OGSÅ: – Ingen norske utøvere får bruke homoflagg i OL

OL i Sochi

Vladimir Putin og Silvio Berlusconi.

Gode kompisar. Vladimir Putin (t.v.) og Silvio Berlusconi på Sardinia i 2008.

Foto: Mikhail Klimentyev / Ap

Vladimir Putin har møtt sterk kritikk i vestlege land for sitt syn på homoseksualitet. Det har vekt harme at han har godkjent ei kontroversiell «homopropaganda-lov». Ifølgje denne lova er det ulovleg å informere om homoseksualitet til mindreårige.

Fleire vestlege politikarar har oppfordra til boikott av OL i Sochi neste år på grunn av denne lova.

Vladimir Putin har ofte forsvart tradisjonelle familieverdiar. På Valdai Forum kritiserte han vestlege land for å ha gløymt dei kristne røtene sine, og for å ha gløymt moralske prinsipp og tradisjonell identitet, også i seksuelle spørsmål.

LES OGSÅ: Russisk politi beslagla maleri av Putin og Medvedev i kvinneundertøy

LES OGSÅ: På kurs i russlandspolitikk

Godt forhold

Silvio Berlusconi og Vladimir Putin har hatt eit godt forhold i mange år, og Berlusconi har vore med og feira bursdagen til Putin i Moskva fleire gonger. Dei har også same synet på homoseksualitet. Som Berlusconi sa det då det storma som verst rundt han i Ruby-saka i 2010:

– Eg arbeider alltid hardt, og av og til ser eg på vakre kvinner. Det er betre å vere glad i vakre kvinner enn å vere homoseksuell.

LES OGSÅ: Berlusconis anke nådde ikke frem

LES OGSÅ: Berlusconi grisepratet om orgasme med ung kvinne

I et intervju uttaler Putin at Italias tidligere statminister Silvio Berlusconi kunne ha sluppet unna alle problemene han har havnet i hvis han var homoseksuell.

VIDEO: Putin med ny homsefråsegn.

SISTE NYTT

Siste nytt