Hopp til innhold

Fryktar alvorleg kolera-epidemi i kjølvatnet av «Sandy»

Store område på Haiti er lagde under vatn som følgje av det tropiske uveret «Sandy». – Det viktigaste no er å hindre eit større utbrot av kolera, seier leiar for Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Haiti, Anne Caroline Tveøy.

Video frå Haiti, der store avlingar er øydelagde av vatn frå "Sandy".

VIDEO: Haiti igjen ramma av flaum.

Anne Caroline Tveøy i Kirkens Nødhjelp i Haiti.

Det å hindre eit større utbrot av kolera har første prioritet etter «Sandy», seier Anne Caroline Tveøy.

Foto: Kirkens Nødhjelp

NRK.no snakka med Anne Caroline Tveøy tidleg torsdag morgon lokal tid, tidleg ettermiddag her i landet. Ho var då på grensa mellom Haiti og Den dominikanske republikk.

På turen frå hovudstaden Port-au-Prince til grensa såg ho store område som ligg under vatn. Sjølv om Haiti vart spart for dei verste vindkasta, så fekk den karibiske øystaten uhyrlege mengder regn.

LES OGSÅ: Holmås: – Folk har mista alt dei hadde

LES OGSÅ: - Vi må hjelpe Haiti i mange år

To månader sidan sist

Stormen "Sandy"s herjingar i Haiti.

Denne kvinna har mist heimen sin etter flaumen og har søkt tilflukt i ein teltleir.

Foto: THONY BELIZAIRE / Afp

Og dette skjer berre to månader etter den tropiske stormen «Isaac», og det er dei same områda som vart ramma då, som har fått det igjen. Det er det sørlege og det vestlege Haiti som igjen er verst ramma.

Anne Caroline Tveøy fortel at dei no konsentrerer seg om utdeling av hygienepakkar, som inneheld utstyr for å reinse vatn og andre hjelpemiddel for å betre hygienen.

Det er ein latent koleraepidemi i landet, og det er meldt om åtte døde berre dei to siste dagane. Det er stor frykt for at denne epidemien vil utvikle seg til det verre som følgje av flaumen.

Tenkjer langsiktig

Vatn, avløp og hygiene er Kirkens Nødhjelp si hovudoppgåve på Haiti. og organisasjonen tenkjer langsiktig. På sikt er betring av dei hygieniske forholda den beste forma for koleraførebygging, seier Tveøy til NRK.no.

Ho har inntrykk av at koordineringa av hjelpearbeidet har gått greitt. Dei hadde ei evaluering av situasjonen etter stormen, og dei kom kjapt på banen med å få ut hygienepakkane. Forureina vatn utgjer den største helsefaren, ikkje minst med tanke på kolera.

I dag køyrde Anne Caroline Tveøy gjennom eit område der avlingane var fullstendig øydelagde. Banan er den viktigaste matplanten her, både den søte typen vi kjenner og ein lokal variant som er mindre søt, og som blir brukt meir slik vi brukar poteten.

Kvinne viser fram "heimen" sin i Haiti.

– Dette er heimen min no, seier denne kvinna.

Foto: THONY BELIZAIRE / Afp

– Ei latent krise

Innhaustinga av kål skulle ha starta i slutten av denne månaden, men det meste av kålavlinga har gått tapt, trur ho.

På spørsmål om det no er ei akutt matvarekrise i Haiti, svarer ho dette:

Kvinne i teltleir i Haiti.

– Dette er fjerde gongen eg misser heimen min, seier denne eldre kvinna.

Foto: THONY BELIZAIRE / Afp

– Vi har på mange måtar ei latent krise her. Dette er eit land der ein stor del av innbyggjarane lever på under ein dollar for dagen. Dei siste fire til seks vekene har prisane på mat auka kraftig, og eg trur krisa her vil bli endå tydelegare utover vinteren og våren.

Fryktar matmangel

Det er stor frykt for matmangel på grunn av «Sandy» sine herjingar. Rundt 60 menneske har mist livet og rundt 90.000 menneske har mist heimane sine.

Statsminister Laurent Lamothe seier at «Sandy» har forårsaka ei enorm katastrofe i landet. Det er snart tre år sidan det store jordskjelvet, men framleis bur 370.000 menneske i førebelse leirar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.