Hopp til innhold

Prins Harry: – Vi tek liv for å berge liv

Prins Harry, den tredje i arverekkja til den britiske trona, svarar ja på spørsmål om han har teke livet av Taliban-krigarar i Afghanistan.

Video med Storbritannias prins Harry på hans siste dag i Afghanistan for denne gong.

VIDEO: Prins Harry ferdig i Afghanistan for denne gong.

Den yngste sonen til prins Charles og prinsesse Diana har akkurat avslutta den andre perioden sin som soldat i Afghanistan. Han har operert som andrepilot og skyttar i eit Apache angrepshelikopter i den urolege Helmand-provinsen.

Camp Bastion

Storbritannias prins Harry.

Storbritannias prins Harry i sitt Apache angrepshelikopter i Camp Bastion i Afghanistan.

Foto: JOHN STILLWELL / Afp

Han har hatt tilhald på den store Camp Bastion-leiren, ein leir som har opplevd fleire Taliban-angrep. Taliban-talsmenn har fleire gonger sagt at den 28 år gamle britiske prinsen har vore eit høgt prioritert mål .

I dag hadde prins Harry sin siste arbeidsdag i Afghanistan for denne gongen, og på spørsmål frå journalistar om han hadde teke livet av talibanar under tenesta si, svarte han dette:

– Ja, det har mange av oss gjort. Når vi går til angrep som må vi ta liv for å berge liv, men meir enn noko anna skal vi verke avskrekkande på dei.

Og han legg til:

– Om det er nokon som prøver å gjere fæle ting mot våre soldatar, då set vi dei ut av spel.

Angrep på leiren

Taliban gjekk sist til angrep på Camp Bastion i september i fjor, og det på sjølve fødselsdagen til den britiske prinsen. Men det var den amerikanske delen av leiren som vart utsett for angrep, og prins Harry var aldri i fare.

Prins Harry, som i militæret går under namnet kaptein Harry Wales, har tenestegjort i Afghanistan dei siste fire månadene. Like før han reiste vart han fotografert naken på ein balkong i Las Vegas saman med ei like naken kvinne.

Prins Harry i Afghanistan.

Prins Harry har tenestegjort i den urolege Helmand-provinsen i Afghanistan sidan august i fjor.

På spørsmål om kva dette hadde gjort med han, svarte prinsen:

– Det var truleg eit klassisk eksempel på meg der eg var for mykje militær og for lite prins.

LES OGSÅ: Prins Harry i nakentrøbbel

Ansvar for våpensystema

Som andrepilot på eit Apache angrepshelikopter har prinsen ansvaret for våpensystema om bord. Han seier likevel at det å drepe aldri har vore noko motiv for å tenestegjere i Afghanistan. Han tenestegjorde også i Helmand-provinsen i ti veker rundt årsskiftet 2007 og 2008.

Då vart opphaldet hans forkorta fordi eit tidsskrift og ei nettside avslørte detaljar om tenestestaden hans. På førehand var det inngått ein avtale med britiske medium om ikkje å skrive om prinsen si teneste i Afghanistan.

Prins Harry seier i eit intervju med Reuters at han trur storebroren, tronfølgjaren prins William, også ville ha sett stor pris på å tenestegjere i Afghanistan. Han er helikopterpilot i Royal Air Force.

LES OGSÅ: Taliban truer med å drepe prins Harry

LES OGSÅ: Slik førebudde Taliban seg på angrepet mot basen til prins Harry

SISTE NYTT

Siste nytt