– Vi skal ut av EU 31. oktober – uansett

Boris Johnson gjer det klart at Storbritannia uansett skal ut av EU 31. oktober, men ber om kompromissvilje frå EU for å få til ein avtale. Han vil ha ein tollunion mellom Irland og Nord-Irland.

Sjå talen til Boris Johnson her.

Johnson var i storform i avslutningstalen sin på landsmøtet til Det konservative partiet i Manchester i dag. Det var stor jubel i salen for den ferske partileiaren. Det var venta at han skulle leggje fram detaljar om forslaget han seinare i dag skal leggje fram for EU, men det skjedde ikkje.

– La oss få brexit unnagjort, ei ny utsetjing er både dyrt og unødvendig. Det er på tide at vi får starte arbeidet med å skape eit nytt forhold til EU, sa Johnson blant anna i talen. Han raljerte også med dei som vil ha ei ny EU-avrøysting.

– Ei ny avrøysting? Og tre nye år med dette?, sa han til stor jubel frå salen. Johnson sa at han i dag vil presentere konstruktive og fornuftige forslag for EU, men at Storbritannia no er avhengig av kompromissvilje frå Brussel.

Han tok opp att at Storbritannia skal ut 31. oktober, uansett.

Vil ha tollunion

No har regjeringa lagt fram Johnson sitt forslag til løysing på korleis grensa mellom Irland og Nord-Irland skal kontrollerast når Storbritannia ikkje lenger er medlem av EU. I utkastet heiter det at Nord-Irland skal bli knytt til den indre markknaden i EU, mens heile Storbritannia, inkludert Nord-Irland, skal danne sin eigen tollunion.

Forslaget frå Johnson inneber at det må vere tollkontrollar på den irske øya og i Irskesjøen, men Johnson lover at det ikkje skal bli bygd fysiske sperringar langs grensa mellom Nord-Irland og Irland.

Han vil også at Nord-Irland innan fire år sjølv skal bestemme om landet framleis skal vere ein del av den indre marknaden.

Boris Johnson.

Boris Johnson på talarstolen ved avslutninga av Det konservative partiet sitt landsmøte i Manchester i ettermiddag.

Foto: Ben Stansall / AFP

– Tilliten blir alvorleg skadd

I si tale sa Johnson også at veljarane sin tillit til demokratiet vil bli alvorleg skadd om brexit blir utsett til etter 31. oktober.

– Vi har vist vilje til kompromiss med EU om brexit, så no er det EU som å gjere det same, sa han.

Boris Johnson raljerte med parlamentet, opposisjonen og spesielt Labour-leiar Jeremy Corbyn i avslutningstalen sin på landsmøtet til Det konservative partiet i Manchester i dag.

Han tok eit oppgjer med «marxisten» Jeremy Corbyn. Han gjekk hardt ut mot forslaget hans om fire dagars arbeidsveke, om å forby private skular og mykje meir. Han sa også at Corbyn burde sendast ut i verdsrommet i ein romrakett.

Vidare sa han at Corbyn vil øydeleggje forsvaret, opne grensene for innvandrarar og øydeleggje det tradisjonelt gode forholdet Storbritannia har til USA.

– Han har berre eit godt forslag, å halde nyval straks, sa statsministeren til stor jubel.

Johnson raljerte med Underhuset si rolle i EU-spørsmålet. Han sa blant anna at om parlamentet var ein skule, så ville det bli stengt ned. Og om parlamentet var ein PC, så ville skjermen vist eit evig pizzahjul. Han samanlikna også parlamentet med eit realityshow på TV.

Statsministeren brukte mykje tid på å fortelje landsmøtet kor bra det kjem til å gå med Storbritannia etter brexit. Han la ut om teknologiske nyvinningar og om britiske bedrifter som er i verdstoppen på sine felt.

– Eit Storbritannia utanfor EU går ei lys framtid i møte. Det er ingen grunn til å sjå svart på brexit, sa han blant anna.

Samtale med EU

Ei EU-talskvinne seier at det er avtalt ein telefonsamtale mellom Jean Claude Juncker og Boris Johnson klokka 16.15 i dag.

Downing Street 10 har tidlegare gjort det klart at det statsministeren legg fram i dag vil vere eit endeleg tilbod. Om ikkje EU går med på, går det mot ein hard brexit, altså at Storbritannia forlèt EU utan ein avtale.

Boris Johnson har tidlegare gjort det heilt klart at han ikkje kjem til å be om ei ny utsetjing under EU-møtet 17.- og 18. oktober.

Brexit-tilhengjarane har avvist den såkalla backstop-løysinga, som var ein del av brexitavtalen som Theresa May forhandla fram med EU. Denne løysinga ville binde Storbritannia til ein tollunion med EU til det blir oppnådd semje om ei permanent løysing for grensa mellom Irland og Nord-Irland.

– Ikkje klart nok brot

Boris Johnson meiner at ei slik løysing ikkje er eit klart nok brot med EU.

Avisa Daily Telegraph skreiv tidlegare i dag at Johnson vil foreslå at Nord-Irland kan vere ein del av den indre marknaden i EU fram til 2025, men samstundes vere i tollunion med resten av Storbritannia.

Basert på lekkasjane i Daily Telegraph seier EU-diplomatar til nyheitsbyrået Reuters i føremiddag at forslaget frå Johnson er mangelfullt, og om dette er hans endelege forslag, så går det mot ei ny utsetjing av brexit.

– Dette går ikkje. Boris Johnson har valt ei konfrontasjonsline mot EU, seier ein høgtståande EU-diplomat som har delteke i forhandlingane med Storbritannia.

SISTE NYTT

Siste nytt