– Vi kjem nok til å høyre meir til Farage

– Det kan sjå ut som alle på Leave-sida har fått kalde føter, seier Storbritannia-ekspert Jan Erik Mustad.

Belgium Britain EU Farage

TREKK SEG: Nigel Farage går av etter at han har nådd sitt politiske mål; britisk utmelding av EU.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

– Det var ikkje direkte venta, men det var heller ikkje direkte overraskande, seier Storbritannia-ekspert Jan Erik Mustad ved Universitetet i Agder om at Nigel Farage trekk seg som leiar i det britiske Uavhengigheitspartiet (UKIP).

Han viser til at Farage trakk seg etter parlamentsvalet i mai i fjor for så å bli gjenvalt i haust. Farage seier at han har nådd sitt politiske mål; britisk utmelding av EU.

Britisk politikk i endring

Storbritannia-ekspert Jan Erik Mustad

IKKJE DIREKTE OVERRASKA: Det var ikkje akkurat venta, men heller ikkje overraskande, seier Storbritannia-ekspert Jan Erik Mustad.

Foto: Trine Andersen / NTB scanpix

– No sit det jo eit par stykk i det konservative partiet og håpar å bli ny partileiar og dermed statsminister i Storbritannia, som kanskje må trykke på artikkel 50-knappen. Det kan sjå ut som at britisk politikk er i ein omformatering, seier Mustad.

Artikkel 50 i Lisboa-traktaten er den såkalla skilsmisseparagrafen. Eit land må setje i verk denne for å melde seg ut av EU, og må då forlate unionen innan to år. Britiske politikarar har signalisert at det kan gå opp til eit år før dei set i verk denne mekanismen.

Vidare forhandlingar med EU

Av moglege etterfølgarar nemner Mustad nestleiar Paul Nuttal som også har vore sterkt med i Nei-kampanjen og Susan Evens, som for tida er suspendert. Farage har så langt ikkje kome med noko peikepinn på kven dette kan bli.

– Han seier til pressa at han lovar å følge skilsmisseforhandlingane mellom EU og Storbritannia som «ein hauk». Men vil nei-generalen ha noko slags nedslagskraft no?

– No held han fram som medlem av Europa-parlamentet ut perioden, så det er klart at han vil følge dette på nært hald både frå Storbritannia og EU. Men eg trur ikkje han vil få nokon påverknad på korleis sjølve forhandlingane med EU kjem til å stige fram.

Mustad legg til at Farage, som er kjend for å vere ein nokså frittalande høgrepopulist, nok kjem til å uttale seg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt