To veker i Lima er snart omme. I ettermiddag skal konklusjonen vere klar. Målet er å ha klart eit utkast til den nye internasjonale avtalen som skal vedtakast i Paris om eit år - og ha ein klar plan for kva som skal gjerast det neste året.
Forhandlingsleiar Aslak Brun med den teksten som førte til brot i forhandlingane i går. Då det blei kjent at dette alternative tekstforslaget var jobba fram i det stille, førte det til sterke reaksjonar i landa i G77-gruppa - som består av utviklingsland.
Foto: Eivind Molde / NRKFNs klimasjef, Christiana Figueres understreka tidlegare i veka kor avgjerande det er at det blir eit positivt resultat her i Lima. – Utan suksess i Lima blir det ingen suksess i Paris, det er heilt klart, sa Figueres.
Men forhandlingane har gått tregt. Og så blei det altså brot i forhandlingane i går.
– Tida er knapp
– Faktum er at vi har mist ein dag med forhandlingar, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H). Det er umogeleg å seie om vi kjem i mål innan fristen. Det er den tradisjonelle konflikten mellom i-land og u-land som var årsaka til at forhandlingane braut saman og stoppa opp, seier ho.
Konflikten handlar om kor mykje landa skal bidra med, kor stort ansvar dei skal ha for å kutte utslepp av klimagassar.
Det som skjedde var at det lak ut eit alternativt tekstforslag som var blitt jobba med i det stille. Det førte til kraftige reaksjonar i landa i G77-gruppa - som består av utviklingsland.
(Artikkelen fortsetter under bildet)
Store skjermar med tekst - og alle rundt bordet har sine poeng dei vil ha inn. Det blir mange merknader og kommentarar på skjermen, og ein stadig meir omfattande tekst å jobbe med for forhandlane.
Foto: Eivind Molde / NRKHaldningsendring blant u-landa
Miljøvernminister Tine Sundtoft (H) seier alle må bidra for tida er knapp.
Foto: Eivind Molde / NRKMen ikkje alle i G77-gruppa støtta brotet.
– Eg vel å tolke det positivt, at det er ei endring på gang. Det er naturleg at ulike land må bidra med utsleppskutt på ulik måte. Men det å stå fast i ein gammal tenkjemåte, det har vi lita forståing for, seier Sundtoft.
Ho seier alle må bidra for å få til ei løysing.
– Men alle må vere innstilt på å bidra når landa i verda skal gjere ein innsats for å få ned utsleppa av klimagassar. Det prinsippet må vi leggje til grunn, særleg når vi ser kor fort økonomien i dei ulike landa har endra seg dei siste 20 åra, og sannsynlegvis vil endre seg dei neste 20.
– Derfor er det interessant at nokre av dei landa no også ser det perspektivet, seier Sundtoft.
Ingen frå G77-gruppa ville uttale seg til NRK i går kveld.
Snart klart for møte i G77-gruppa, ei gruppe utviklingsland.
Foto: Eivind Molde / NRK