Talet kan vere mykje høgare, fordi berre rundt 15 prosent av dei mest vanlege typane mat er testa i undersøkinga. Eitt av funna er at det er langt meir plastpartiklar i vatn tappa på plastflasker enn i vatn frå kjøkkenkrana
Det er ikkje klart kva plastpartiklane vi får i oss gjer med helsa vår, men det er sett i verk forsking på det fleire stader,
.Forskarane meiner det er svært sannsynleg at giftstoffa i plasten kan utgjere ein helsefare, ifølgje rapporten, som er publisert i magasinet Enviromental Science and Technology.
Plastavfall i oppløysing
Mikroplastpartiklar frå fleece funne i ein vaskemaskin og forstørra opp i mikroskop.
Foto: Monique Raap / University of VictoriaMikroplasten som infiserer det meste rundt oss kjem frå plastavfall i oppløysing. Problemet er like stort over heile verda. Forskarane finn mikroplast alle stader der dei leitar etter det, i lufta, på bakken, i elvar og i sjølv dei djupaste havområda rundt om i verda.
Forskarane har funne mikroplast i drikkevatnet, i sjømat og i øl. Partiklar er også funne i menneskeleg avføring, går det fram av forskingsrapporten. Dette er eit bevis på at mikroplasten blir teken opp i menneskekroppen, meiner forskarane.
Innhaldet av mikroplast i drikkevatn er særleg godt dokumentert i rapporten. Ei plastflaske med vatn inneheld 22 gonger meir mikroplast enn vatn frå krana, viser undersøkinga.
Ein person som berre drikk flaskevatn vil få i seg 130.000 plastpartiklar i vatnet løpet av eitt år.
Mange fleire matvarer
Marinbiologen Kieran Cox ved
er ansvarleg for rapporten. Han fortel at dei har testa rundt 15 prosent av matvarene som inngår i eit normalt kosthald. Dei har ikkje testa brød, prosesserte produkt, kjøt, meieriprodukt og grønsaker, blant anna.– Vi treng meir forsking på dette, men det er svært sannsynleg at det er store mengder mikroplast også i desse matvarene. Det vil bety at vi kan få i oss fleire hundre tusen partiklar i løpet av eit år, seier han til den britiske avisa
.Han legg til at funna i undersøkinga har fått han til å endre det personlege forbruket sitt.
– Eg droppar alle formar for plastemballasje, og eg prøver så langt det let seg gjere å ikkje drikke flaskevatn, seier han.
Kieran Cox minner om at mennesket er ein del av økosystemet, og at vi alle kan gjere noko for å minske bruken av eingongsplast.
Forskarane Hailey Davies og Wendy Fleming frå Universitetet i Victoria i Canada i arbeid med å fange fisk til undersøkinga i Sidney i British Columbia.
Foto: Kieran Cox / University of VictoriaEingongsprodukt av plast
– Det å slutte å bruke eingongsprodukt av plast, og å støtte bedrifter som brukar miljøvenlege alternativ kjem til å gi resultat. Dette er eigentleg veldig enkelt. Vi produserer massevis av plast, og det endar opp i økosystema, som vi er ein del av, seier han.
I ein vitskapeleg rapport til EU-kommisjonen offentleggjort i april i år, seier leiande europeiske forskarar at det må setjast i verk tiltak for å få slutt på mikroplast-forureining. Dei meiner det er all grunn til uro for det som skjer.