NRK Meny
Normal

– Vesten ute etter å øydeleggje fredsprosessen i Ukraina

President Vladimir Putin seier at dei vestlege landa sin sanksjonar mot Russland berre har som mål å øydeleggje fredsprosessen i Ukraina.

Vladimir Putin (t.h.) og hans tadjikiske kollega Emomali Rahmon.

Russlands president Vladimir Putin (t.h.) saman med Tadsjikistans president Emomali Rahmon i Dusjanbe fredag.

Foto: Michael Klimentyev / Afp

Den russiske presidenten sa dette til journalistar etter eit møte i Shanghai Cooperation Organisation i hovudstaden Dusjanbe i Tadsjikistan i dag. Han sa også at dei nye sanksjonane frå USA og EU verkar «underlege» med tanke på at ein fredsprosess er i gang og at ei våpenkvile er effektiv i Ukraina.

– Når utviklinga går mot ei fredeleg løysing, så tek dei vestlege land steg som har som mål å øydeleggje fredsprosessen, sa Putin blant anna.

– Sanksjonar fører ikkje fram

Han var også klar på at økonomiske sanksjonar alltid vil ha effekt, men at det også gjeld landa som innfører desse sanksjonane.

– Vi har lenge vore overtydde om at sanksjonar som eit utanrikspolitisk instrument ikkje er vegen å gå, fordi dei aldri fører fram, sjølv ikkje mot små land, la Putin til.

Putin sa også at Russland vil innføre mottiltak, men at dei ikkje kjem til å innføre sanksjonar mot vestlege land som slår tilbake på dei sjølve.

Utenriksminister Børge Brende

Børge Brende meiner sanksjonane er viktige bidrag for å få Russland til å endre politikk i Ukraina.

Foto: Per Onsheim / NRK

Både USA og EU sette i verk nye sanksjonar mot Russland i dag. EU-sanksjonane rettar seg mot russiske bankar, forsvarssektoren, energisektoren og i tillegg 24 enkeltpersonar.

LES OGSÅ: Estisk politimann arrestert av FSB på grensa til Russland

LES OGSÅ: – Ukraina har alt ansvar for MH17-styrten

– Viktige bidrag

Utanriksminister Børge Brende (H) seier i ein kommentar til NTB at EU-sanksjonane er viktige bidrag for å få Russland til å slutte å destabilisere det austlege Ukraina.

– Heilt sidan Russlands ulovlege anneksjon av Krimhalvøya i mars og den seinare destabiliseringa av Aust-Ukraina, har Noreg stått saman med allierte og partnarar i reaksjonane på Russlands folkerettsstridige framferd i landet, seier Brende.

Dei nye amerikanske sanksjonane rettar seg også mot finanssektoren, forsvarssektoren og forsvarsindustrien. Ein del av sanksjonane rettar seg spesielt mot russisk oljeleiting i nordområda.

LES OGSÅ: Klassekampen: Norsk-russisk nynazist kriger i Ukraina

LES OGSÅ: – Flere skandinaver med i Azov-bataljonen

Krav om tilbaketrekking

Russlands finansminister Alexej Uljukajev.

Russlands finansminister Alexej Uljukajev varslar ekstratoll på varer frå Ukraina frå 1. november.

Foto: OLGA MALTSEVA / Afp

Ein amerikansk tenestemann seier til nyheitsbyrået Reuters i ettermiddag at sanksjonane kan trekkjast tilbake, dersom Russland trekkjer styrkane sine ut av Ukraina.

I tillegg krev USA at det blir etablert buffersone i grenseområdet mellom dei to landa.

Samstundes varslar den russiske finansministeren, Alexej Uljukajev, at landet vil innføre ei ekstra importavgift på alle varer frå Ukraina frå 1. november, dersom Ukraina går vidare med planane om ein handelsavtale med EU.

LES OGSÅ: Ingen tekniske feil på MH17

LES OGSÅ: Porosjenko fornøyd med EUs nye sanksjoner

– Tek i bruk adekvate middel

– Dersom partnarane våre ikkje høyrer på oss, og meiner at argumenta våre ikkje er overtydande nok, så vil vi ta adekvate middel i bruk for å sikre oss, sa Uljukajev i Brussel i dag, ifølgje nyheitsbyrået RIA.

I kveld har Uljukajev moderert utsegnene sine litt. Ifølgje RIA seier han no at Russland ikkje vil innføre ekstratollen på varer frå Ukraina, så lenge avtalen mellom EU og Ukraina ikkje er ratifisert.

EU har gjort det klart at implementeringa av avtalen er utsett til slutten av 2015.

I august sa Vladimir Putin at Russland kunne tape rundt 100 milliardar rublar, rundt 13 milliardar norske kroner, dersom europeiske varer kom til Russland via Ukraina som eit resultat av ein avtale mellom EU og Ukraina.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt