Hopp til innhold

– Vert utnytta på det grovaste for å lage VM

Utanlandske arbeidarar som steller i stand Fotball-VM i Qatar får ikkje betalt ut løn, bur under elendige tilhøve og dei fell ned frå usikra stillas. Amnesty meiner norske styresmakter må ta tak i situasjonen.

Butilhøva til arbeidarar i Qatar

Sjå Amnesty sine opptak frå staden kor nokre av dei mange arbeidarane i Qatar held til. Mange får passet inndratt, lønningar utsett og må jobbe under farlege tilhøve. 94 prosent av arbeidsstyrken i Qatar er immigrantar.

Ein fersk Amnesty-rapport som vart lansert i natt syner at 94 prosent av arbeidsstyrken i Qatar er utlendingar, og at tilhøva for immigrantane minner meir om eit slavesamfunn, enn eit moderne samfunn.

– Det er totalt uakseptabelt at så mange arbeidarar vert utnytta på denne måten i eit av verdas rikaste land. Qatar må sørge for at eksisterande lovar som skal vareta arbeidarane sine rettar vert følgt opp, og få på plass betre reguleringar, seier Amnesty Norge sin talsperson Beate Ekeløve-Slydal.

Bryt alle reglar

Ifølgje Amnesty veks folkeraten i Qatar med tjue nye personar kvar time. I landet som berre har 840.000 innbyggjarar svarar det til ein folkevekst på 10,5 prosent det siste året, og dei fleste nye tilskota er arbeidarar frå land i Sør- og Søraust-Asia.

Butilhøva

Det er på ingen måte gode butilhøve for arbeidarar i Qatar. På dette rommet bur fleire av dei på berre få kvadratmeter.

Foto: Amnesty International
Dårlege butilhøve

I det som før var eit avfallsanlegg for gamle målarspann og anna søppel bur no mange arbeidarar. Rett utføre vindauga til sovesalane står målingsspann i store mengder. Ifølgje Amnesty er butilhøva ein fare for liv og helse.

Foto: Amnesty International

Amnesty hevdar arbeidarane kjem til Qatar i tru om at dei skal jobbe med noko heilt anna enn anleggsarbeid, og med avtalar om betre løn- og arbeidsvilkår enn det som er realiteten. Dei møter også ulevelege butilhøve og får passa sine konfiskert av arbeidsgivar når dei kjem til den arabiske oljestaten.

– Dei arbeidar langt fleire timar kvar dag enn det som er avtalt, nokre gonger til det ekstreme. Dei arbeidar under farlege tilhøve, og til dels livsfarlege tilhøve. Lønningar kan bli utsett i månadar, om dei i det heile teke vert betalte ut. Dei bur under elendige tilhøve og må gi passet sitt til arbeidsgivar, som dermed har full kontroll over deira moglegheit til å forlate landet, seier Ekeløve-Slydal.

402 milliardar kroner

I 2022 skal Qatar arrangere fotball-VM, ei meisterskapstildeling som har vore omstridd. I juli har landet temperaturar oppunder 50 grader, og det må nyttast minst 19 milliardar kroner på å byggje fotballanlegg i det vesle landet som ikkje har ein særleg sterk fotballkultur.

Den amerikanske storbanken Merrill Lynch har rekna seg fram til at totalsummen for meisterskapen vert på rundt 402 milliardar kroner. Til slutt vil landet stå att med stadion som kan romme 493.000 tilskodarar. Til samanlikning har Qatar rundt 840.000 innbyggjarar, om ein ikkje reknar med dei mange immigrantane.

Passivt FIFA

At Qatar aldri har delteke i eit VM før er også ein grunn til at mange er kritiske til at landet fekk VM. Amnesty meiner FIFA må ta tak for å unngå at arbeidarar vert utnytta.

Skadd nepalesar

Ein arbeidsimmigrant frå Nepal skada seg på arbeidsplassen i 2011. Han vart skadd for livet, og budde i Qatar utan å få utbetalt løn. I to år kjempa han for erstatning i det qatarske lovsystemet. I juli i år kunne han reise heim att, med ein rettssiger i baggasjen.

Foto: Amnesty International

– FIFA må stille klare krav til styresmaktene i Qatar for at fotball-VM skal kunne gjennomførast i 2022. I 2012 falt tusen arbeidarar ned frå usikra stillas, ti prosent av dei vart invalide og mange av dei døydde. Ein kan ikkje arrangere VM der stadionet er bygga av menneske som er utnytta som gratis arbeidskraft med livet som innsats, seier Ekeløve-Slydal.

Leiinga for meisterskapen har tidlegare sagt at dei er sjokkerte over bevisa som er lagde fram, og at det ikkje finst noko unnskyldning for at arbeidarar i Qatar, eller noko anna stad, skal handterast på ein slik måte. Utsegna kom etter at den britiske avisa The Guardian i september tok opp situasjonen i landet.

Då vart det også sagt at styresmaktene i Qatar har oppretta etterforsking for å finne ut meir om påstandane. FIFA sin president, Sepp Blatter, sa på si side at FIFA ikkje kan gjere noko for å endre tilhøva, men at saka vil takast opp med styresmaktene i landet.

Mykje norske pengar i Qatar

Men det er ikkje berre FIFA som blir stilt til veggs av Amnesty. Også norske styresmakter blir stilt til ansvar.

– Amnesty oppmodar norske styresmakter til å ta opp migrantarbeidarane sine situasjon. Oljefondet har kjøpt statsobligasjonar i Qatar, og me bør ikkje sitte stille og tene våre pengar medan desse alvorlege brota på menneskerettane finn stad, seier Ekeløve-Slydal.

Noreg hadde ved utgangen av 2012 investert totalt 661 millionar kroner i Qatar. 129 millionar i qatarske selskap, 66 millionar i private obligasjonar og 466 millionar i qatarske statsobligasjonar.

Utenriksdepartementet hadde ikkje anledning til å kommentere rapporten på kort varsel, men skal nå gjere seg kjent med innhaldet.

SISTE NYTT

Siste nytt