Hopp til innhold

Fryktar nye flaumrekordar i Europa

DRESDEN (NRK): Flaumen i Mellom-Europa når nye høgder, og verre kan det bli, fryktar ekspertane. Tusenvis av menneske har evakuert heimane sine og minst tolv har mista livet.

Arnt Stefansen i Dresden

– Situasjonen er dramatisk. Me hadde jo ein hundreårs-falum for berre elleve år sidan, og no er det nærast like ille. Dei neste timane og dagane kan vatnet stige til å bli endå høgare enn den gong, seier Margita Landmann, som bur i Meissen, aust i Tyskland.

Margita Landmann

– Situasjonen er dramatisk, seier Margita Landmann om flaumen som for tida råkar store deler av Europa.

Foto: Arnt Steffansen / NRK

Åtte meter over normalen

Dei vanlegvis så hyggelege handlegatene i gamlebyen i Meissen har blitt forvandla til kanalar, og redningsmannskapa har i dag jobba iherdig for å redde bebuarane ut frå heimane sine. Enkelte stader er vatnet åtte meter over vanleg vasstand, og no ventar austtyskarane på endå meir vatn frå Tsjekkia og Bayern i sør.

– Vatnet strøymer inn, og trugar med å øydelegge det sentrale dataanlegget, som ikkje berre er naudsynt for vår verksemd, men også for kundane våre. Situasjonen er prekær, seier Silvia Büsch, som jobbar i eit datafirma i Meissen.

Lesser sandsekker

Fleire titusen menneske i Tyskland, Tsjekkia og Ungarn har blitt tvungne til å evakuere heimane sine dei siste dagane. I den slovakiske hovudstaden Bratislava og Ungarns hovudstad Budapest førebur dei seg på auka vasstand, og lesser opp med sandsekker for å motarbeide det verste. Flaumen er venta å nå sitt toppnivå i morgon.

Fleire dike har kollapsa eller blitt sprengt i frykt for at vassmengdene ville fløyme over bustadområde. Minst 12 personar har mista livet som følger av flaumen, og det er stadig frykt for at tala vil auke. Det er først og fremst elvene Donau og Moldau som har gått over sine breidder.

I Tsjekkia kan enkelte landsbyar berre nåast ved hjelp av båt, og i Tyskland har straumen forsvunne over store område. Flaumen har også truga kjemiske anlegg, og mellom anna har ein kunstgjødselfabrikk blitt evakuert

Vannet er på vei østover mot storbyene Wien, Bratislava og Budapest. NRK-korrespondent Arnt Stefansen rapporterer direkte fra Dresden i Tyskland.

Arnt Stefansen rapporterar direkte frå Dresden i dei flaumråka områda

Flom i Europa

Flaum i Europa – sjå innslag frå Nyheitene klokka 17, 5. juni

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.