Hopp til innhold

– Uvanleg med slike koordinerte angrep

Sjølv om provinsane sør i Thailand jamleg blir råka av angrep, er det nytt at det skjer på ein slik koordinert måte, og i område med mange turistar, seier Marte Nilsen, seniorforskar ved PRIO.

Bombeangrep i Thailand

Fleire enn 20 blei skadde då ei rekke bomber gjekk av sør i Thailand torsdag kveld og fredag morgon.

Foto: STRINGER / Reuters

Nilsen seier at det er vanskeleg å sei kvifor dette skjedde eller kven som står bak angrepa torsdag kveld og fredag morgon. Ei rekke bomber eksploderte fleire stader sør i landet, og drap minst fire personar.

– Det er ikkje tradisjon i Thailand å ta ansvar for slike angrep, og det er heller ikkje stor oppklaringsprosent på denne typen angrep, seier Nilsen til NRK.

Politiet i Thailand sa fredag morgon at det ikkje er snakk om eit terrorangrep av typen som har råka fleire turiststader i verda den siste tida, men «lokal sabotasje».

Opprøret i sør

Marte Nilsen

Marte Nilsen, seniorforskar ved PRIO, seier det er vanskeleg å seie kven som kan stå bak bombene sør i Thailand.

Foto: Julie Lunde Lillesæter

Nilsen nemner det langvarige opprøret blant muslimske separatistar i sør som ein av fleire konfliktlinjer i landet.

Sidan 2004 er over 6500 menneske drepne i samband med opprøret i dei tre sørlegaste provinsane i Thailand. I provinsane som grensar til Malaysia er innbyggarane for det meste av malaysisk opphav, og muslimar. Dette området var ein del av det tidlegare malaysiske Pattani-sultanatet, og er prega av ein stor mistillit til den thailandske staten.

Dei siste åra har det vore omtrent daglege angrep her.

Kan vere retta mot militærjuntaen

– Den andre konfliktlinja som har prega Thailand dei siste ti åra er den politiske – dragkampen mellom fraksjonen til tidlegare statsminister Thaksin Shinawatra og hans tilhengarar og militærjuntaen som har hatt makta i over to år, seier Nilsen.

Thailands militærjunta, som tok makta i eit statskupp i 2014 etter eit tiår med mykje politisk uro, til tider valdeleg, har teke på seg æra for den auka stabiliteten i landet.

Folkeavstemning om ny grunnlov

Folk i kø for å stemme i grunnlovsavstemninga førre søndag. Eit portrett av den høgt respekterte kong Bhumibol i bakgrunnen.

Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / Afp

– Dei som har gjort dette ønsker å gjere seriøs skade på den thailandske økonomien. Det er der juntaen er mest sårbar, seier Zachary Abuza, ekspert på søraustasiatiske militante grupper, til AFP.

Søndag stemte thailendarane for juntaens forslag til ny grunnlov, som ifølge kritikarar vil gi militæret meir makt.

Angrepa skjer i det thailendarane går inn i ei langhelg av feiring, som startar med dronning Sirikit sin 84-års dag, som også er morsdag i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt