Hopp til innhold

– USA vil ikkje fjerne atomvåpen

USA vil ikkje trekke ut atomvåpen frå Europa før alle 28 medlemslanda i NATO er samde om det.

Atomnedrustning Europa

NATO-generalsekretær Anders Fogh Rasmussen er klar på at alliansen treng amerikanske atomvåpen i Europa.

Foto: RAIGO PAJULA / AFP

NATO diskuterer atomnedrustning

Utanriksministrane i NATO diskuterte USA sine atomvåpen i Europa.

Foto: INTS KALNINS / REUTERS

Det seier ein talsmann for den militære alliansen etter eit uformelt møte i den estiske hovudstaden Tallin i dag.

– Alle avgjerder om atompolitikk vil bli gjort samla, seier talsmann James Apprathurai.

– Dette er ei veldig, veldig klar fråsegn, legg han til.

Det er første gong dei amerikanske atomvåpna i Europa har vore tema på eit slikt NATO-toppmøte.

Ønskjer å fjerne

Ei gruppe NATO-land, med Tyskland i spissen, ønskjer at USA skal starte tilbaketrekkinga av nokre av atomvåpna som er lagra i Europa.

Ifølgje nyheitsbyrået AFP er det om lag 240 taktiske atomvåpen lagra i Tyskland, Belgia, Nederland, Italia og Tyrkia.

Les også: Noreg ber USA om å fjerne atomvåpen

Atom-allianse

Clinton vil ha atomvåpen i Europa

USA-utanriksminister Hillary Clinton seier atomvåpen vil vere i Europa så lenge dei eksisterer.

Foto: RAIGO PAJULA / AFP

– Så lenge atomvåpen eksisterer, vil NATO vere ei allianse med atomvåpen, stadfestar USA-utanriksminister Hillary Clinton.

Ho meiner det derfor er avgjerande for alliansen at ansvaret og risikoen knytt til våpna blir fordelt mellom medlemslanda.

Heller ikkje Russland vil kutte i atomvåpenlagra. NTB skriv at Russland har eit arsenal på 5.400 taktiske atomvåpen, og at 2.000 av desse er klare til bruk. Russland seier dei ventar på USA før dei vil fjerne sine atomvåpen i Europa.

Les også: Obama vil redusere | Skreiv under på nedrustingsavtale

Støre vil ruste ned

Støre på NATO-møte i Tallin

Utenriksminsiter Jonas Gahr Støre på det uformelle NATO-møtet i Tallinn.

Foto: Bondevik, Andreas / Scanpix

Noreg er eitt av landa som meiner NATO må gjere seg mindre avhengige av atomvåpen.

– Amerikanarane må ta eit ansvar for å balansere sitt syn opp mot det som gjeld alliansen. Eg har inntrykk av at amerikanarane er opptekne av først å kome til semje om prinsippa om nedrusting før dei diskuterer tiltaka, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.

Rakettskjold

Generalsekretær Anders Fogh Rasmussen er klar på at forsvarsalliansen trenger amerikanske atomvåpen i Europa.

– Mi personlege meining er at amerikanske, taktiske atomvåpen i Europa er essensielt, sa han på ei pressekonferanse i kveld.

Han er også tilhengar av eit rakettskjold. Hillary Clinton ber no alliansen om å seie ja til nettopp det. NATO skal etter planen bestemme seg for kva dei meiner om eit slikt skjold på toppmøtet i Lisboa.

Les også: Framleis strid rundt rakettskjoldet

SISTE NYTT

Siste nytt