Hopp til innhold

– USA må møtast med nådelause angrep

– USA kan ikkje bli møtt med dialog eller fred, men med nådelause angrep, seier nordkoreansk TV. Konfliktnivået på den koreanske halvøya når stadig nye høgder.

Nord-Korea og Sør-Korea i nok ein diplomatisk feide.

Eit nordkoreansk nyheitsanker les opp det som må seiast å vere ein tydeleg melding til USA og Sør-Korea. Det er ei stor militærøving som har fått Nord-Korea til å rase.

Seint i går kveld vart USAs ambassadør til Sør-Korea, Mark Lippert, angripen og stukken til blods ved hjelp av ein kniv eller eit barberblad. Ein sørkoreansk aktivist som ønskjer meir dialog med Nord-Korea er mistenkt for å stå bak.

– Ein militær provokasjon

Hendinga skjer samstundes som ei åtte vekers lang militærøving finn stad i Sør-Korea. Titusenvis av soldatar frå USA og Sør-Korea deltek på øvinga, som vekker stor harme i Nord-Korea.

SJÅ DEN DRAMATISKE VIDEOEN FRÅ ANGREPET:

USAs ambassadør til Sør- Korea i sekundene etter at han ble angrepet med barberblad.

Mark Lippert spring ut frå salen kor han vart stukken med anten ein kniv eller barberblad.

På nordkoreansk TV har dei kalla angrepet for ein fortent straff frå «den rettvise kniv», og nyheitsankeret tok i dag eit oppgjer med den militære aktiviteten.

– «Key Resolve» og «Foal Eagle» (namna på militærøvingane, journ. anm.) er dei mest openberre krenkingane av vår suverenitet og verdigheit. Det er ein alvorleg militær provokasjon som ikkje kan unnskyldast på nokon som helst måte, sa ankeret.

USAs ambassadør i Sør-Korea angrepet

Ein aktivist vart lagt i bakken etter å ha angripe USAs ambassadør til Sør-Korea.

Foto: The Asia Economy Daily / Afp

Og nyheitsankeret haldt fram med sin tirade.

– Den einaste måten ein kan møte aggresjonen og krigen frå dei amerikanske imperialistane og deira støttespelarar er verken gjennom dialog eller fred. Dei må berre handterast ved hjelp av nådelause angrep.

Vanleg med trugslar frå Nord-Korea

Den stadig meir aggressive og hatske retorikken på den koreanske halvøya uroar også nabolandet Kina.

– Kina har alltid meint at fred og stabilitet på den koreanske halvøya er i vår felles interesse, og er vårt felles ansvar. Me håper at dei ulike partane klarer å gjennomføre tiltak som bidreg til mindre spenningar enn slik situasjonen er no, seier Hua Chunying, som er ei talskvinne for det kinesiske utanriksdepartementet.

USAs ambassadør i Sør-Korea angrepet

Ein aktivist vart lagt i bakken etter å ha angripe USAs ambassadør til Sør-Korea.

Foto: The Asia Economy Daily / Afp

Så langt er det berre på det retoriske planet at krigen står, og det er heller ikkje første gong Nord-Korea har truga med å angripe Sør-Korea og USA.

Seinast for nokre dagar sidan skaut nordkoreanarane ut to rakettar som landa i havet. Men rakettane frå nord har dei siste åra laga lite skade hos naboane i sør.

Den 42 år gamle ambassadøren som i går vart knivstukken skal vere ved god form, men stikkinga har skapt nye sår i det allereie betente forholdet mellom Sør Korea og USA på den eine sida og Nord-Korea på motsett side.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt