Hopp til innhold

– USA drap ti afghanske soldatar ved eit feilgrep

Eit amerikansk luftangrep kosta ti afghanske soldatar livet, påstår afghansk militære. Angrepet skal ha vore eit feilgrep. USA seier hendinga vert etterforska.

AFGHANISTAN-MILITARY/ U.S. soldiers from the 3rd Cavalry Regiment watch as a Blackhawk helicopter lands during a mission for Brigadier General Christopher Bentley to inspect an Afghan National police installation in the Nangarhar province of Afghanistan

I dette biletet frå desember 2014 lettar eit amerikansk helikopter frå ein militærbase i Afghanistan. Biletet er meint som illustrasjon, og har inga direkte samanheng med dagens angrep kor ti afghanske soldatar skal ha blitt drepe av to amerikanske helikopter.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

– Rundt klokka seks (03.30 norsk tid) i dag gjekk to amerikanske helikopter til angrep på militærposten i Baraki Barak. Militærposten tok fyr, og ti afghanske soldatar vart drepne, seier distriktsguvernør i Logar-provinsen Mohammad Rahim Amin til nyheitsbyrået AFP.

Ein av dei leiarane for dei amerikanske NATO-styrkane seier at dei kjenner til at amerikanske styrker var blanda inn i ei hending i dag tidleg, og at dette no vert etterforska.

Fem drepne i desember

Distriktsguvernør Amin seier at militærposten ikkje var plassert på ein stad som bør vekke ekstra mistanke.

– Det afghanske flagget vaia ved militærposten i Baraki Barak då amerikanarane gjekk til angrep, seier Amin.

Seinast i desember vart fem sivile drepne og seks andre skadde i eit anna feilslått angrep frå NATO-styrkar.

Forhandlar med Taliban

NATO har eigentleg trekt seg ut av Afghanistan og gitt ansvaret for tryggleiken i landet til afghanske styrker. Men ein liten del av styrken er framleis i landet for å hjelpe til med opplæring og for å gjennomføre anti-terroroperasjonar.

Ifølgje nyheitsbyrået AFP skal amerikanske styrker ha gjennomført 106 militære angrep berre i juni, sjølv om dei altså har nedskalert sin innsats.

Det er venta at Taliban i desse dagar kjem til å trappe opp sin offensiv og gjennomføre fleire angrep mot afghanske og utanlandske mål. Samstundes er det starta samtaler mellom Taliban og afghanske styresmakter, i håp om at partane kan bli einige om å slutte fred.

Baraki Barak

SISTE NYTT

Siste nytt