NRK Meny
Normal

Ashton: – Ukraina vil signere EU-avtale

Utanrikssjefen i EU, Catherine Ashton, seier at Ukrainas president, Viktor Janukovitsj, har intensjonar om å signere den omfattande handels- og samarbeidsavtalen som han tidlegare har sagt nei til.

Catherine Ashton og Viktor Janukovitsj.

EUs utanrikssjef Catherine Ashton og president i Ukraina Viktor Janukovitsj har hatt møte i Kiev dei siste vekene, og no seier Ashton at Janukovitsj er open for å samarbeide med EU likevel.

Foto: MYKHAYLO MARKIV / Afp

Det var i slutten av november at Janukovitsj terga på seg store deler av folket i Ukraina etter å ha gjort ei heilomvending og sagt nei til ein samarbeidsavtale med EU. Avgjersla hans kom overraskande, berre dagar før den ukrainske presidenten skulle signere avtalen under eit EU-toppmøte i Vilnius i Litauen.

Under toppmøtet sa derimot Janukovitsj mykje av det same som i dag; at ein EU-avtale framleis er aktuell. Men han sa då at det er behov for økonomisk bistand frå EU før det eventuelt skjer. I Vilnius sa Janukovitsj at mars 2014 kan bli tidspunktet der ein avtale vert underskriven.

Ashton gav i dag ingen dato på når ein eventuell avtale skal skrivast under.

– Janukovitsj gjorde det klart for meg at han har intensjonar om å skrive under samarbeidsavtalen, seier Ashton til nyheitsbyrået AP.

Ashton sa også at avtalen med EU på kort sikt kan hjelpe til med å bøte på den dårlege økonomiske situasjonen i Ukraina, fordi ein slik avtale vil medføre ferske investeringar frå EU-land.

RUSSIA-POLITICS-PUTIN

Vladimir Putin på veg inn for å halde tale til russiske politikarar. I talen sa han at Ukraina ikkje skulle tvingast til eit samarbeid, men at Russland gjerne ville få til ein tollunion mellom landa.

Foto: SERGEI ILNITSKY / Afp

Putin håpar på løysing

Russlands president Vladimir Putin seier på si side at Ukraina ikkje skal tvingast til å inngå noko samarbeid med Russland, men at dei er meir enn velkomne til å jobbe mot ein felles tollunion mellom dei to landa. Ein slik tollunion vil vere basert på like rettar, og gi også Ukraina økonomiske fordelar, hevdar Putin.

Han sa også i ein tale til russiske politikarar i dag at han håper det snart vert funne ei løysing på dei politiske utfordringane i Ukraina, og at han har tillit til at dei ukrainske politikarane vil finne ei slik løysing.

Demonstrantane kan vinne fram

Om Catherine Ashton har rett i at Janukovitsj likevel vil inngå ein avtale, så er det eit positivt teikn for dei mange ukrainarane som har slått seg ned på Sjølvstendeplassen i Kiev.

Dei to siste vekene har fleire hundre tusen ukrainarar delteke i markeringane, der målet har vore å få til eit samarbeid vestover i Europa, og velte president Janukovitsj av leiarstolen i landet. Årsaka til at Janukovitsj ikkje vil inngå avtale med EU, skal vere redsel for at landets forhold til Russland då vil svekkast.

Ukrainarane er vanlegvis geografisk delte når det gjeld synet på Russland og EU. Dei som bur i Vest-Ukraina vil ha eit nærare samarbeid med EU, medan dei i aust vil samarbeide mot Russland.

Men i løpet av dei nyaste demonstrasjonane har det også vakse fram eit generasjonsskilje, der dei unge frontar kampen om eit nærare samarbeid EU-samarbeid.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt