Hopp til innhold

– Ukraina har alt ansvar for MH17-styrten

Russlands forsvarsminister seier Ukraina må ta på seg det fulle ansvaret for at eit malaysisk fly styrta i Aust-Ukraina i juli. – Styrten skjedde i ukrainsk luftrom, seier ministeren.

Vrakdeler MH17

298 menneske mista livet då MH17-flyet frå Malaysian Airlines styrta i Aust-Ukraina i juli.

Foto: MARKO DJURICA / Reuters

Den malaysiske forsvarsministeren er i dag på besøk i Moskva, der han mellom anna har hatt møte med sin russiske kollega, Sergei Shoigu. Tema for møta var styrten av MH17-flyet den 17. juli i år, og korleis etterforskinga av denne ulukka skal gå føre seg på best mogleg måte.

– Krasjet skjedde i luftrommet over Ukraina som berar det fulle og totale ansvaret for det som skjedde, sa Shiogu til dei frammøtte journalistane.

Shiogu la til at ulukka ikkje ville ha skjedd om det ikkje var for at ukrainske styresmakter tok opp våpena sine

Fersk rapport om styrten

Det har tidlegare vore stor usemje om kven som er ansvarlege for flystyrten. Ukrainske styresmakter hevdar det er prorussiske separatistar som står bak, og at desse får støtte frå Russland.

I går publiserte nederlandske ekspertar ein rapport der det vart hevda at flyet vart treft i lufta av «høgenergi objekt som penetrerte flyet frå utsida». Det har også tidlegare blitt sagt at flyet vart skoten ned, og at det ikkje styrta av seg sjølv.

Rapporten peikar ikkje ut skuldige, men det er venta at rapporten vil bli brukt av vestlege styresmakter til å auke presset mot Moskva, som er skulda for å vere part i den blodige konflikten i Ukraina.

Presidentane nøgde med våpenkvila

Putin og Porosjenko

Russlands president, Vladimir Putin, og hans ukrainske kollega, Petro Porosjenkom snakka saman på telefon i dag, og er begge nøgde med våpenkvila i Ukraina. Her helsar dei under eit møte i Kviterussland i august.

Foto: SERGEI BONDARENKO / Afp

Samstundes som dei to forsvarsministrane møtes i Moskva jobbast det med å ta vare på våpenkvile som er jobba fram i Aust-Ukraina. I dag snakka Ukrainas president Petro Porosjenko med hans russiske kollega Vladimir Putin. Ifølgje ein russisk talsperson vart dei to einige om at dei er nøgde med våpenkvila.

– I det store og heile vart det frå vår side og ukrainsk side gitt uttrykk for at me er nøgde med korleis våpenkvila vert halden ved like, sjølv om det er ein vanskeleg prosess, Jurij Usjakov, som er utanrikspolitisk rådgjevar i det russiske utanriksdepartementet.

Også Porosjenko har uttalt at han er nøgd med utviklinga, og han hevdar også at 70 prosent av dei russiske soldatane er trukne tilbake frå Aust-Ukraina og over på russisk side av grensa.

– Dette styrker håpet vårt på at fredsinitiativet har gode utsikter, seier Porosjenko.

Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa, OSSE, varslar i dag om at dei har planar om å utplassere dronar for å overvake våpenkvila i Ukraina.

– Diskusjonane er i gang om moglegheitene for å integrere, så raskt som mogleg, nasjonale dronar som eit bidrag frå deltakande land i overvåkingsskjemaet, seier OSSEs sittande president, sveitsiske Didier Burkhalter.

– Dronar som er eigde av OSSE, vil også snart bli utplasserte, tilføyer han.


SISTE NYTT

Siste nytt