Hopp til innhold

– Uavklart for 60 utanlandske gislar

Om lag 60 utanlandske gislar ved Statoil og BP sitt gassanlegg i Algerie er framleis ikkje gjort greie for, ifølgje statleg medium i landet. – Me er heldige som er i live, seier ein av dei som blei redda ut.

Frigitt gissel fra Tyrkia sier han er heldig som er i live. Bilder fra statlig algerisk TV.

- Me er heldige som er i live, seier ein tyrkisk statsborgar som ifølgje algerisk fjernsyn blei redda ut av hæren.

– Eg kjem frå Tyrkia og jobbar for eit fransk-amerikansk selskap. Alt er vel, takka vere den algeriske hæren og sjukehus-personellet her. Alle tek godt vare på oss. Me er heldige som framleis er i live, seier ein mann som blir intervjua av algerisk fjernsyn.

Totalt skal nærmare 650 personar ha blitt tekne som gislar då væpna terroristar gjekk til åtak på Statoil og BP sitt gassanlegg i det nordafrikanske landet Algerie tidleg onsdag morgon.

132 av desse var utlendingar. Halvparten skal no ha rømt eller blitt redda i den militære aksjonen mot terroristane, men framleis er situasjonen uavklart for rundt 60 utanlandske gislar, melder statleg algerisk fjernsyn og det offisielle nyheitsbyrået i landet.

Fredag ettermiddag kom det opplysninger om at 100 utenlandske gisler er frigitt. Disse opplysningene er langt fra bekreftet, skriver det algeriske nyhetsbyrået APS, som har fått tallet fra en sikkerhetskilde.

In Amenas i Algerie

Gassanlegget i In Aménas ligg aust i Algerie og blir drifta av Statoil, BP og det algeriske oljeselskapet Sonatrach. Statoil deltek med 46 prosent av investeringane og 12,5 prosent av drifta.

Foto: HANDOUT / Reuters

Krev at USA set fri fengsla militante

Det har vore, og er framleis, stor uvissheit om kor mange personar som hamna i gisselsituasjonen. Dei nye tala frå algerisk media er ikkje stadfesta frå andre kjelder.

Ein algerisk ingeniør som jobbar ved gassanlegget i In Amenas, fortel fredag at terroristane ville råka utlendingar.

– Terroristleiaren bad alle algeriar om å gå. Det var utlendingane dei var ute etter, seier Khaled til det franske magasinet L`Express.

Fredag ettermiddag opplyser islamistane at dei er villige til å la amerikanske gislar gå mot at USA set fri to militante islamistar som sit fengsla der. Den eine er pakistanske Aafia Siddiqui medan den andre er egyptiske Omar Abdel-Rahman.

Terroristane har heile tida formidla sine krav via det mauritanske nyheitsbyrået ANI.

Åtte norske framleis sakna

13 av dei 17 Statoil-medarbeidarane, som var i og ved gassanlegget då væpna islamistar angreip onsdag morgon, var norske. Fire kom seg tidleg i sikkerheit, medan situasjonen til ni andre var uavklart.

Natt til fredag kom ein av dei ni norske gislane seg i sikkerheit. Han får medisinsk behandling ved eit sjukehus i In Amenas.

Dei åtte andre er framleis ikkje gjort greie for.

SISTE NYTT

Siste nytt