NRK Meny
Normal

Vurderer å involvere NATO

Tyrkia vurderer å involvere NATO i konflikten i Syria på grunn av bombing ved grensa til landet, ifølgje USA sin utanriksminister Hillary Clinton.

Hillary Clinton Syria Paris

«Syria sine vener», utanriksministrar frå 15 land, hadde møte i Paris.

Foto: POOL / Reuters

Ei gruppe land samla seg til eit møte om situasjonen i Syria i den franske hovudstaden Paris torsdag.

På møtet kom det fram at Tyrkia vurderer å påkalle NATO sin gjensidige beskyttelsesavtale på grunn av bombing like ved den tyrkisk-syriske grensa, melder AFP.

Artikkel fire

– Tyrkia vurderer å formelt påkalle artikkel fire i «North Atlantic Treaty», sa Hillary Clinton.

Artikkel fire fastslår retten eit medlemslands har til konsultasjonar og felles forsvarsforberedelser med dei andre NATO-landa.

Clinton Syria Paris

Hillary Clinton og Saudi-Arabia sin utanriksminister Saud al-Faisal.

Foto: Jacques Brinon / Ap

Artikkel fire er ikkje så sterk som artikkel fem, som fastslår at eit angrep på eit medlemsland er eit angrep på dei alle, men konsultasjonar er eit steg på veg mot handling frå NATO-landa.

Clinton uttalte også at dersom Syria ikkje tillet ein større observatørstyrke, bør Tryggingsrådet vurdere ytterlegare sanksjonar mot regimet, deriblant ein våpenembargo, økonomiske sanksjonar og reiserestriksjonar.

Med på møtet i Paris var utanriksministrar frå Tyskland, Saudi-Arabia, Canada, Egypt, Dei F0oreinte Arabiske Emirater, Spania, USA, Italia, Jordan, Kuwait, Marokko, Quatar, Storbritannia, Tunisia, Tyrkia og EU.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt