Hopp til innhold

– Tyrkia vil forsvare seg mot åtak

Tyrkia held fram med å angripe Syria i morgontimane. Tyrkiske styresmakter har vore i eit hastemøte, og seier dei ikkje vil gå til krig mot Syria. Men parlamentet har godkjent militære operasjonar dersom det vert naudsynt.

Åtak på grensebyen Akcakale i Tyrkia

KONFLIKTEN ESKALERER: Åtaket på grensebyen Akcakale dreg Vesten inn på

Foto: Ap

320 av 550 medlemmer i Tyrkias parlament stemte for eit mandat som godkjenner tyrkiske militære operasjonar på syrisk jord. Dermed er konflikten trappa opp. Men dei uttaler òg at dei ikkje ynskjer å gå til krig mot naboen.

– Tyrkia har ikkje interesse av å gå til krig. Men Tyrkia vil beskytte grensene sine, og svare med eld dersom det vert naudsynt.

Det var Twitter-meldinga som ein spesialrådgjevar til Tyrkias statsminister la ut i dag. Og i dag tidleg har styresmaktene behandla saka i eit hastemøte i parlamentet.

Samstundes svarte Tyrkia med nye åtak mot syrisk side i morgontimane i dag. BBC melder at fleire syriske regimesoldatar vart drepne.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Trefningar i den tyrkiske grensebyen Akcakale

FEM DREPNE AV GRANAT: Tyrkias parlament legg i dag fram forslag til korleis dei best kan svare på åtak frå syrisk side av grensa.

Foto: STR / Afp

Etter at ei syrisk granat i går trefte den tyrkiske grensebyen Akcakale, og tok livet av to kvinner og tre born, har det internasjonale samfunnet stått i høgspenn. Ein fryktar no det verste dersom konflikten i Syria vert global.

Dersom Tyrkia kryssar grensa og startar ein militær offensiv der, må omverda forholde seg til det på ein heilt ny måte. Tyrkia er medlem av NATO, og ein viktig aktør og samarbeidspartnar for Vesten i Midtausten.

Tyrkia diskuterer militær operasjon mot sin nabo

Sigurd Falkenberg Mikkelsen i Egypt

ER I SYRIA: Sigurd Falkenberg Mikkelsen rapporterer frå Syria.

Foto: NRK

Mandatet som parlamentet la fram i dag kan opne for militære operasjonar mot Syria, utan å involvere NATO eller det internasjonale samfunnet.

I framlegget står det skrive at Syria held fram med åtaka mot tyrkisk territorium trass i åtvaringar og diplomati frå tyrkisk side.

NRKs Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen er i Syria, og seier omverda bør frykte konsekvensane av ein storkonflikt mellom dei to landa.

– Det vil vere katastrofalt for heile Midtausten. Særleg sidan Tyrkia er den økonomiske krafta i området. I tillegg vil ein storkonflikt dra inn Iran og Hizbollah i Libanon, seier han til NRK.no frå Damaskus.

Men han peiker på at det ikkje er veldig sannsynleg slik situasjonen er no.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Parlamentet i Ankara, Tyrkia

DISKUTERER SITUASJONEN VIDARE: Det tyrkiske parlamentet samlast i dag til eit hastemøte. Dei vil ikkje gå til krig mot Syria, men vil forsvare seg om naudsynt.

Foto: ADEM ALTAN / Afp

– Ingen av partane er interesserte i ein slik krig. Men situasjonen er no driven av hendingar som partane ikkje har kontroll over. Med så mange uforutsigbare element i spel, så oppstår det ein farleg situasjon, seier han, og held fram:

– Situasjonen i Syria er no eit sjakkspel, der alle partar må tenke fire-fem trekk fram i tid. Men no er det så mange element som er utanfor sentral kontroll, på begge sider, at me har fått ein situasjon som alle tidlegare har frykta. Ingenting kan utelukkast.

Russland ber Syria om å beklage – Syria tek ansvar

Russlands utenriksminister Sergei Lavrov

MEKTIG ALLIERT: Russland, og deira utanriksminister Sergej Lavrov, ber om at syriske styresmakter legg seg flate.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

– Me har snakka med vår ambassadør i Syria, og gjennom han har syriske styresmakter forsikra oss om at hendinga ved den tyrkisk-syriske grensa var eit tragisk uhell.

Det seier Russlands utanriksminister Sergej Lavrov til det russiske nyheitsbyrået RIA Novosti.

Russland, som tradisjonelt er Syrias mektigaste allierte internasjonalt, oppfordra òg syriske styresmakter til å offentleg gå ut og beklage hendinga overfor Tyrkia.

Og som Russland befaler, Syria gjer.

– Syria legg fram sine djupaste kondolansar til familiane av offera, og til våre tyrkiske vener, seier den syriske informasjonsministeren Omran al-Zoubi.

Styresmaktene i Syria har offisielt beklaga overfor Tyrkia, og teke ansvaret for åtaka mot grensebyen. No har dei òg lova FN at slike overgrep ikkje skal skje igjen.

Internasjonale reaksjonar

I går møtte NATO i eit hastemøte og fordømte dei syriske åtaka. Det er venta at alliansen skal halde nye møte i Brussel i dag for å diskutere vegen vidare etter dei to dagane med trefningar.

Fleire nasjonars styresmakter har òg bede FNs tryggingsråd om å fordømme åtaka frå syrisk side. Men førebels er det alt dei kan gjere. Balanseforholdet innad i Tryggingsrådet er ikkje endra, og Russland vil framleis nytte vetomakta mot kva som helst militær inngripen i Syria. Dermed er Tryggingsrådet like bunde no som dei har vore gjennom dei fyrste 19 månadene av konflikten i landet.

Diverse frå syrisk angrep, politi,ambulansar på staden.

SJÅ VIDEO: Her ser ein kaoset som oppstod kort tid etter at det syriske åtaket råka den tyrkiske grensebyen Akcakale.

SISTE NYTT

Siste nytt