NRK Meny
Normal

– Tsipras vil innføre eit stalinistregime

ATEN (NRK): – Regjeringa til Alexis Tsipras er i ferd med å innføre eit stalinistregime. Eit nei til kreditorane i folkerøystinga søndag vil vere ein katastrofe for Hellas, seier Alexander Metallinos, ein av demonstrantane utanfor parlamentet i Aten i kveld.

Demonstrasjon i Aten.

Demonstrantane i kveld ber folk røyste ja til krava frå kreditorane. Alexander Metallinos seier han vil emigrere om det blir nei på søndag.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Minst 12.000 menneske demonstrerte framfor parlamentet i den greske hovudstaden Aten i kveld med krav om at regjeringa skal godta vilkåra frå kreditorane, slik at landet kan halde fram i eurosona og få nye kriselån.

Demonstrasjonen har gått fredeleg føre seg, men det er eit stort politioppbod. Det er blant anna sett opp politisperringar ved Syntagma-plassen og fleire andre stader i sentrum av byen.

Isabella Sotiropoulo demonstrerer i Aten.

Isabella Sotiropoulo kallar folkerøystinga søndag for ein farse.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Det har vore temmeleg kaotisk på utsida av parlamentet i heile kveld. Kvar gong nokon har gått ut frå bygningen vart dei møtte med kraftig pipekonsert. Det har også vore høglydte rop med krav om at statsminister Alexis Tsipras skal trekkje seg.

Mange EU-flagg

Den greske regjeringa har varsla folkerøysting førstkomande søndag om krava frå kreditorane. Krava går blant anna ut på lågare pensjonar, innføring av opptil 23 prosent moms og heving av pensjonsalderen til 67 år.

Mange av demonstrantane i kveld bar EU-flagg saman med det greske flagget, og dei har banner med slagord for at Hellas framleis skal vere ein del av EU og eurosona. Mange hadde klistremerke med teksten: «Ja til Hellas – ja til euro».

Demonstrantane ropte slagord som «Hellas, Europa og demokrati».

– Vil flytte frå landet

Alexander Metallinos var ein av demonstrantane. Han hadde eit EU-flagg drapert over skuldrene og med knytt neve ropar han slagord mot regjeringa.

– Om det blir nei til vilkåra frå kreditorane i folkerøystinga søndag, så flyttar eg frå landet alt måndag, seier han til NRK.

Han fortalde at han har små born, og at han ikkje vil at dei skal oppleve Hellas slik det han trur det vil bli etter eit nei. Han er sint, seier han, har aldri vore så sint i sitt liv. Han har familie i Kroatia, og tek med seg familien og reiser dit om det blir nei søndag.

– Vi demonstrerer for å verne demokratiet. Dette har ikkje noko med krisa å gjere, regjeringa ynskjer å etablere eit stalinistregime. Det blir stygt når folk oppdagar at regjeringa har lurt dei, sa han blant anna.

Han meiner at dei kutta som kreditorane ynskjer ikkje får så store konsekvensar for pensjonane. Dersom Hellas går tilbake til drakhmer igjen, då vil det verkeleg bli kutt i pensjonane, ifølgje Alexander Metallinos

Stor demonstrasjon i Aten.

Minst 12.000 menneske deltek i demonstrasjonen i Aten i kveld, opplyser politiet.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Folkerøystinga ein farse

Isabella Sotipoulou er ein annan demonstrant. Ho er halvt italiensk og halvt britisk, men har budd i Aten dei siste 15 åra.

– Eg er veldig sint. Regjeringa ber folk røyste over ting dei ikkje kan noko om. Folkerøystinga er ein farse, sa ho til NRK. Dersom Hellas dett ut av eurosona, så vil ho og resten av familien flytte frå landet.

Alle aldersgrupper deltok i demonstrasjonen, frå små born og til eldre, og alle er samde om ein ting. Grekarane må seie ja til vilkåra for kreditorane, slik at landet kan halde fram med euro som valuta.

Politisperringar ved Syntagmaplassen.

Politisperringar ved Syntagmaplassen i sentrum av Aten i kveld.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Hellas må stemme for EU-hjelp

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt