Hopp til innhold

– Trump-strid med etterretninga kan få farlege følgjer

Tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen meiner at det dårlege forholdet Donald Trump har til etterretningstenestene, kan få farlege følgjer.

Sverre Diesen foran Forsvarsmuseet

Sverre Diesen er redd for at Donald Trump si konfrontasjonsline overfor etterretningstenestene, kan få farlege følgjer.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Diesen er redd for at eit dårleg forhold mellom presidenten og etterretninga kan føre til at Trump stolar meir på eigne vurderingar enn på det etterretningstenestene legg fram. Han fryktar at det kan føre til farlege situasjonar.

– Det å ikkje leggje vekt på etterretningstenestene er neppe ein god strategi. Dersom han ikkje trur på det tenestene fortel han, kan det vere lett å ta feil- eller dårlege avgjerder. Og det kan få uheldige eller i verste fall farlege følgjer, seier Sverre Diesen til NRK.

Donald Trump.

Donald Trump har ved fleire høve gått hardt ut mot etterretningstenestene.

Foto: Nicholas Kamm / AFP

Han sat som forsvarssjef i Noreg frå 2005 til 2009.

– Ikkje spesielt kunnskapsrik

– No er det ikkje min jobb å uttale meg om Donald Trumps generelle politiske kvalitetar, men eg synest ikkje han står fram som korkje spesielt reflektert eller kunnskapsrik når det gjeld utanrikspolitikk, seier Diesen.

Han kan ikkje hugse at det nokon gong tidlegare har vore ein stats- eller regjeringssjef som har lagt seg på ei slik konfrontasjonsline med si eiga etterretning. Tvert imot har det vore eit godt forhold mellom dei styrande og etterretningstenestene i vestlege land.

Slik har det også vore her i landet, seier han. Frå tid til anna har det storma rundt etterretning også i Noreg, men det har i stor grad vore strid om politisk overvaking. Og kritikken har i stor grad gått på Politiets etterretningsteneste PST, og ikkje mot den militære etterretninga.

– Det har vore tilfelle der etterretningstenestene i vestlege land har vorte infiltrerte, slik som til dømes i Vest-Tyskland, men eg kan ikkje kome på eksempel der vestlege etterretningstenester har kome ut og køyre på grunn av misbruk av sine fullmakter, i det minste ikkje i Europa, seier den tidlegare forsvarssjefen.

Laster Twitter-innhold
Donald Trump mener hans forgjenger Barack Obama etterlot ham et USA og en verden i kaos.

VIDEO: Trump seier han arva eit kaos frå Obama.

– Aldri sett så stor mistillit

Professor i statsvitskap ved NTNU Jennifer Leigh Bailey har vakse opp i USA og forska på landet. Ho er samd i uroa for kva Trump sin strid med etterretninga kan få av følgjer:

Jennifer Leigh Bailey

– Om Trump ikkje høyrer på etterretningstenesta kan det bli veldig farleg, for då har han inga god etterretning å basere politikken på, seier professor Jennifer Leigh Bailey.

Foto: NTNU

– Eg har aldri sett så stor, gjensidig mistillit mellom ein president og etterretningstenesta tidlegare.

– CIA og FBI har gjort feil gjennom historia, men eg har aldri sett at forholdet skjer seg med presidenten så mykje, særleg så tidleg i presidentperioden, seier Bailey.

Professoren trekk fram John F. Kennedy som på 60-talet følte seg oversett av CIA, og var dårleg informert, slik at han ikkje forstod tilstrekkeleg kva som gjekk føre seg.

– Men det var ikkje snakk om så grunnleggande mistillit som vi no ser på så mange ulike nivå.

– Om Trump ikkje høyrer på etterretningstenesta kan det bli veldig farleg, for då har han inga god etterretning å basere politikken på, seier Bailey.

– USA i kaos

General

General Raymond Thomas er sterkt kritisk til Trump-administrasjonen.

Foto: Jim Watson / AFP

Det vekte oppsikt tidlegare denne veka då general Raymond Thomas, som har ansvaret for dei amerikanske spesialstyrkane, skulda Trump-administrasjonen for å ha ført landet ut i kaos. Han sa blant anna at bråket øydelegg for eit USA «i krig».

Han sa blant anna at det kan underminere kampen mot IS og andre grupperingar.

Sjølv legg Trump skulda på Obama-administrasjonen. På ein pressekonferanse i går tok han opp att fleire gonger at han hadde arva eit kaos frå dei .

Professor emeritus ved avdelinga for Nord-Amerika-studiar ved Universitetet i Oslo sa i eit intervju med NRK i går at Donald Trump er ein unik president, men at han er unik på den verst tenkjelege måten .

Moen meiner Trump er både kunnskapslaus og manglar folkeskikk.

Tidlegare CIA-sjef Leon Panetta meiner president Trump blandar den verkelege verda og si eiga verd. Han er uroa over korleis Det kvite hus vil reagere på ei alvorleg krise.

Flere faktafeil i Trumps pressekonferanse

SISTE NYTT

Siste nytt