Hopp til innhold

– Trump har brote med all tidlegare praksis

– Donald Trump har vore flink til å kommunisere med tilhengjarane sine, og han har gjort det på ein måte som bryt med all tidlegare praksis på korleis ein presidentkandidat driv valkamp, sa Barack Obama til 60 Minutes på CBC.

Barack Obama.

Barack Obama fortalde om dei åtte åra sine i Det kvite hus på CBS 60 Minutes.

Foto: CBS

Den avtroppande amerikanske presidenten var invitert til studio av CBS-veteranen Steve Kroft for å samanfatte sine åtte år som den mektigaste mannen i verda. Og naturleg nok blei også etterfølgjaren Donald Trump eit tema.

Programleiaren var blant anna oppteken av at Trump har brukt Twitter som sin viktigaste kommunikasjonskanal.

Styrke og fare

– Vi går inn i ein tidsalder der mange får informasjonen sin gjennom Twitter eller via overskrifter dei får inn på telefonen sin. Det er ein styrke i det, men det er også ein fare. For det som skapar ei overskrift og får merksemd, er ikkje det same som ein prosess for å løyse problemet, sa Obama i intervjuet.

Steve Kroft, CBS.

Obama vart intervjua av CBS-veteranen Steve Kroft.

Steve Kroft var oppteken av Donald Trumps krangel med etterretningstenestene , og han spurde Obama om dette var eit lurt trekk av den påtroppande presidenten.

– Det er ikkje mogleg å ta dei rette avgjerdene om ein ikkje greier å byggje opp eit personleg forhold til dei hemmelege tenestene. Det har ikkje skjedd, men som du veit, så har han ikkje overteke som president enno, sa Obama.

Tysk råd til Trump: – Lag betre bilar

Disse artistene skal opptre for Trump

– Merkeleg maktskifte

Steve Kroft: – Du vere samd i at dette er ein av dei merkelegaste maktskifta i historia?

Barack Obama: – Eg er samd i at dette er uvanleg, og eg har ein mistanke om at Trump er samd i det. Han er verkeleg ein ukonvensjonell kandidat. Eg kan ikkje kome på at nokon har køyrt ein liknande valkamp. Ei følgje av å drive ein improvisert valkampen er at han mangla støtte frå sentralt plasserte personar i sitt eige parti.

Steve Kroft: – Er det mogleg for ein sitjande president å improvisere på same måten?

Barack Obama: – Nei, det trur eg ikkje. Men no er han i ferd med å byggje opp eit apparat, og vi må sjå korleis det vil fungere. Vi må ikkje undervurdere denne karen, for husk at han er valt til USAs 45. president.

Les utskrift av heile intervjuet her: CBS 60 Minutes

Bekymrer seg over Trumps uttalelser

SISTE NYTT

Siste nytt