Hopp til innhold

– Trump er ein blant mange

«Kva er populisme?» spør den tyske idéhistorikaren Jan-Werner Müller i si nye bok. Han trur Trump sin valsiger vil gi populistane i Europa vind i segla.

POPULISMEFORSKAR: Sjå Hege Moe Eriksen intervjue Jan-Werner Müller på NRKs valnachspiel i Oslo Konserthus.

– Det er ikkje tilfeldig at Marine Le Pen var så raskt ute med sine gratulasjonar til «det frie, amerikanske folk som endeleg hadde frigjort seg», seier Müller som forskar på populisme ved Princeton University til NRK.

Mange håpar på eller fryktar, alt ettersom, at leiaren for det høgrepopulistiske Nasjonal Front kan bli Europas svar på Trump om ho vinn det franske presidentvalet til våren.

– Trump meiner han representerer folk flest

Müller understrekar at ikkje alle som kritiserer eliten er populistar, men at Donald Trump klart passar inn i kategorien, ettersom han meiner at det berre er han som representerer folket.

– Det kan høyrest relativt harmlaust ut, men det har to konsekvensar som er umiddelbart øydeleggande for demokratiet; Det eine er at populistar i grunn vil seie at alle andre som kjemper om makta er illegitime. Dette handlar ikkje berre om politiske usemje, dette handlar om moral. Det blir umiddelbart eit spørsmål om karakter, dei gjer det til noko personleg.

FILES-BRITAIN-US-VOTE-SCOTLAND-GOLF

Populismeforskar Jan-Werner Müller meiner at Donald Trump, her på ei golfbane i Skottland i sommar, inspirerer europeiske politikarar, både populistar og medlemmer av såkalla mainstream-parti.

Foto: MICHAL WACHUCIK / Afp

Han viser til korleis Trump har kalla Clinton korrupt, og sagt at ho høyrer heime i fengsel.

Og trass i ein sigerstale der Trump sa at han vil vere ein president for alle, trur Müller også dette er eit definisjonsspørsmål.

– Den andre konsekvensen er at populistar set spørsmålsteikn ved statusen til dei som ikkje støttar dei, og meiner dei definerer kven som er folk flest. Dei som ikkje er blant desse kan ha amerikanske pass, men dei høyrer likevel ikkje til.

Müller meiner at demokratane ikkje må vere med på leiken, og heller halde seg unna identitetspolitikken. Han meiner Clinton gjorde ein stor feil då ho omtala Trump sine tilhengarar i svært negative ordelag under eit valkamparrangement tidlegare i haust.

Fare for populistisk smitteeffekt

Sjølv om Müller meiner at Trump liknar på dei europeiske populistane, meiner han at Trump har teke det eit steg lenger.

– Eg trur han er unik i det at han har bevegd seg mykje lengre enn det ein har brukt å kalle den vanlege hundeplystringa, det vil seie å sende relativt subtile meldingar som i grunn er rasistiske. Det har vore så utilslørt.

USA-ELECTION/POPULISTS

Marine Le Pen, leiar av franske Nasjonal Front, var ein av dei første som gratulerte Trump. Sjølv om ho har prøvd å gjere partiet meir stovereint enn det var då far hennar leia det og dei var skulda for å vere antisemittiske, fell ho heilt klart inn i populistkategorien ifølge Müller.

Foto: Eric Gaillard / Reuters

Han viser til at ingen på dette nivået tidlegare har gått så langt som å truge med å bryte grunnlova.

Historikaren trur at politikarane i Europa vil la seg inspirere, og ikkje berre dei ein tradisjonelt har sett på som populistar.

– Vi ser også tilfelle der mainstream-parti blir populistiske. Sjå til dømes på Viktor Orbans Fidesz-parti eller det konservative partiet i Storbritannia for – dei er eigentleg i ferd med å oppstå på ny som UKIP (det britiske uavhengighetspartiet).

Trur ikkje Trump kjem til å endre seg

Mange spør seg no kva for president Trump kjem til å bli. Müller trur ikkje på dei som trur at den påtroppande presidenten kjem til å skilje seg nemneverdig frå presidentkandidaten Trump, og trur han vil styre etter splitt og hersk-metoden.

– Eg kjenner ikkje mange 70 år gamle menn som endrar seg, spesielt ikkje om dei har kjensla av å vere vellukka. Suksess avlar suksess. Eg ser ikkje kvifor han skulle ville endre det grunnleggande mønsteret.

Historikaren trur ikkje at republikanarane i kongressen, mange av dei ueinige med Trump i utgangspunktet, vil vere nokon modererande faktor. Til det er institusjonane allereie køyrt seg for langt inn i ei retning der konfrontasjon blir valt i staden for samarbeid.

SISTE NYTT

Siste nytt