Hopp til innhold

– Tortur-ansvarlege må stillast for retten

FNs menneskerettsadvokat Ben Emmerson meiner at høgtståande tenestemenn i Bush-administrasjonen må stillast for retten for CIAs bruk av tortur etter terrorangrepet 11. september.

FNs menneskerettsadvokat Ben Emmerson.

Menneskerettsadvokaten Ben Emmerson meiner USA er forplikta til å stille dei ansvarlege for torturen for retten.

Foto: CARL COURT / Afp

I ein rapport som Senatet i Den amerikanske kongressen la fram i dag, kom det fram at CIA brukte brutale avhøyrsmetodar som fleire gonger enda i rein tortur. Avhøyrsmetodane det er snakk om vart tekne i bruk etter 11. september 2001, og granskinga teke føre seg perioden fram til 2009.

– Høgtståande tenestemenn

Dianne Feinstein.

Demokraten Dianne Feinstein er leiar for etterretningskomiteen i Senatet.

Foto: SAUL LOEB / Afp

Den britiske menneskerettseksperten Ben Emmerson er etter å ha lest rapporten, ikkje i tvil om at bruken av tortur var orkestrert av høgtståande tenestemenn i administrasjonen til dåverande president George Bush Jr.

Han meiner at dei som planla desse avhøyrsmetodane, og dei som gav grønt lys for å bruke dei, må stillast for retten til liks med dei CIA-agentane og eventuelt andre som utførte sjølve handlingane.

– Ifølgje internasjonal lov er USA forplikta til å stille dei ansvarlege for retten. Den amerikanske justisministeren har ei rettsleg plikt til å ta rettslege skritt mot dei ansvarlege, heiter det i ei fråsegn frå Emmerson, som har base i Genève i Sveits.

– Det er no på tide med handling. Dei individa som er ansvarlege for desse kriminelle handlingane må stillast til ansvar for det.

LES OGSÅ: – CIA truet fange med drill

Ros til Obama

Barack Obama

President Barack Obama har lovd at USA ikkje skal bruke tortur så lenge han leier landet.

Foto: LARRY DOWNING / Reuters

Emmerson gav ros til noverande president Barack Obama for å ha stått mot eit sterkt nasjonalt press for å halde tilbake opplysningane om tortur. Mange har åtvara mot å publisere rapporten, blant andre utanriksminister John Kerry.

Kerry sa rett ut at han frykta at rapporten ville skape sinne rundt om i verda. Også Dianne Feinstein meiner at det finst krefter som vil bruke rapporten som påskot til bruke vald.

Det går fram av rapporten at CIA heldt opplysningane om bruk av tortur skjult for både Det kvite hus og Kongressen.

– Vi kan ikkje hindre det, men historia vil dømme oss ut frå vår plikt til å styre landet etter lovene våre, viljen til å godta sanninga, og til å seie «aldri igjen», sa Feinstein blant anna då ho la fram rapporten i dag.

McCain støttar offentleggjering

Senator John McCain.

Den republikanske senatoren John McCain støttar avgjerda om å

Foto: YURI GRIPAS / Reuters

Den republikanske senatoren John McCain støttar avgjerda om offentleggjering av rapporten om CIAs avhøyrsmetodar. McCain sat sjølv i fangenskap og vart torturert under Vietnamkrigen.

– Eg veit av personleg erfaring at mishandling av fangar berre vil resultere i meir vondt. Bruk av tortur øydelegg det vi meiner skil oss frå fiendane våre, sa han i Senatet etter at rapporten vart lagt fram.

Han peika på kor lite nytte den brutale framferda har gitt med tanke på å finne og straffe dei som stod bak terrorangrepa 11. september 2001, og å forhindre og avsløre terror i dag.

– Dette samstemmer ikkje med dei mange forsikringane tilsette i etterretninga har gitt om at avhøyrsmetodane er uvurderlege i krigen mot terror, sa John McCain blant anna.

Den britiske avisa The Guardian fått ein del ekspertar til å twitre sine reaksjonar på funna funna i rapporten fortløpande .

SISTE NYTT

Siste nytt