– To norske statsborgarar drepne i Syria

To norske statsborgarar, som kjempa for terrororganisasjonen IS i Syria, vart drepne i oktober, melder TV 2. Den eine av dei hadde ein leiarposisjon i organisasjonen.

Bombenedslag i Kobani

Kobani på grensa mellom Syria og Tyrkia har den siste månaden vore herja av harde kampar mellopm IS og kurdiske soldatar.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Dermed er totalt er 12 norske statsborgarar, som reiste til Syria for å slutte seg til IS, vorte drepne, ifølgje TV-stasjonen.

Den eine av dei to som vart drepne kom som einsleg mindreårig asylsøkjar frå Eritrea i 2003, melder TV 2 . Han budde i fem år hos ein norsk fosterfamilie i Bærum. I desember 2012 reiste han for å krige i Syria, der han ifølgje TV 2s kjelder døydde i oktober i år.

Lang fartstid

Det var i oktober at ein internasjonal koalisjon med USA i spissen starta omfattande luftangrep mot IS i Syria og Irak.

Mannen vart 24 år gammal og var ein av dei norske statsborgarane med lengst fartstid for terrororganisasjonen IS. Den andre skal vere ein 23 år gammal mann frå Oslo.

NRK kjenner identiteten til begge Syria-krigarane som ifølgje TV 2 er drepne i Syria i oktober, men våre kjelder kan ikkje stadfeste at dei er drepne. Den eine er ein norsk-algerisk mann som reiste til Syria i 2012, medan den andre er ein norsk-eritreisk mann som reiste same året.

UD kan ikkje stadfeste

Pressevakt i Utanriksdepartementet, Veslemøy Salvesen, opplyser at dei ikkje kan stadfeste meldinga i TV 2 om at to norske borgarar er drepne i Syria i oktober.

– På grunn av den vanskelege situasjonen i landet er svært vanskeleg å få ut opplysningar derfrå, seier ho til NRK.

Tor Bach, redaktør for nettstaden Vepsen, kjende 24-åringen før han vart radikalisert og møtte han også fleire år seinare.

– Då var det ein sint ung mann med stort skjegg som hadde forandra seg fullstendig. Han ville ta jegerprøva og snakka om å jakte på jødar, seier han til TV 2.

Oslo-mann drepen i Kobani

Tysdag melde ABC Nyheter at ein mann i 20-åra frå Oslo skal vere drepen i kampar ved byen Kobani på grensa mellom Syria og Tyrkia. Mannen skal ha slutta seg til den kurdiske gruppa PKK, som har tette band til YPG-militsen. YPG kjempar mot terrororganisasjonen IS.

TV 2 melder i dag at dette var ein 28 år gammal mann busett i Oslo. Han kom til Noreg i 1996 og har budd i Oslo sidan, melder avisa.

Han døydde etter harde kampar mot IS i Syria måndag, seier ein talsmann for familien. 28-åringen reiste til Kobani i byrjinga av august og han reiste åleine.

SISTE NYTT

Siste nytt