Hopp til innhold

– Tidlegare Sovjet-agent med på Trump jr.-møte

Den russiske advokaten som hadde eit mykje omtalt møte med Donald Trump jr. i juni i fjor, hadde med seg ein mann på møtet som NBC News hevdar er ein tidlegare sovjetisk etterretningsagent.

Donald Trump junior.

Donald Trump jr. seier det ikkje kom noko ut av møtet med den russiske advokaten Natalia Veselnitskaja.

Foto: Richard Drew / AP

Mannen, som ikkje blir namngitt av TV-kanalen, blir omtalt som ein amerikansk-russisk lobbyist. NBC News siterer amerikanske tenestemenn på at det er mistanke om at han kan vere knytt til den noverande russiske etterretningstenesta.

Den russiskfødde lobbyisten Rinat Akhmetshin stadfestar overfor AP at det var han som var på møtet. Akhmetshin seier at han ikkje oppfatta møtet som viktig og at han hadde venta seg meir seriøs diskusjon.

Lobbyisten fortel at Trump jr. spurde etter bevis for at det gjekk ein hemmeleg pengestraum inn til Det demokratiske partiet sin nasjonalkomité (DNC). Då den russiske advokaten Natalia Veselnitskaja sa at det var noko Trump-kampanjen sjølve måtte etterforske meiner Akhmetshin at Trump jr. mista interessa.

– Dei kunne knapt vente til møtet var ferdig, seier han til AP.

Det har tidlegare vore hevda at Akhmetshin har band til den russiske etterretningstenesta, men sjølv nektar han for at han har noko med dei å gjere på noverande tidspunkt.

Vil ikkje identifisere

Natalia Veselnitskaja

Natalia Veselnitskaja stadfestar at hadde med seg minst ein mann på møtet med Trump jr., men ho vil ikkje identifisere vedkomande.

Foto: STRINGER / Reuters

Veselnitskaja seier til NBC at ho hadde selskap av minst ein mann på møtet med Trump jr., men ho vil ikkje identifisere han. I tillegg deltok også Jared Kushner, svigersonen til Donald Trump, og Paul Manafort på møtet.

Kushner og Manafort sine talspersonar seier dei ikkje vil kommentere meldinga.

Den eldste sonen til Donald Trump sa i eit intervju nyleg at det ikkje var noko å fortelje frå møtet med den russiske advokaten. Han sa at det var 20 bortkasta minutt, og at det var synd. Han sa også at han før møtet ikkje visste kven han skulle møte.

Natalia Veselnitskaja skal ha sagt då ho bad om møtet med Trump jr. at ho kunne ha opplysningar som kunne skade valkampen til Hillary Clinton.

Granskingene som kan ødelegge for Trump

Trump jr. fortalte ikke faren om russisk møte: – Det var 20 bortkastede minutter

Krev forklaring

Sist tysdag la Trump jr. ut epostutvekslinga mellom seg sjølv om PR-rådgjevaren Rob Goldstone om dette møtet, på Twitter.

Adam Schiff, som er frå Det demokratiske partiet og leiar i etterretningskomiteen i Senatet, meiner at Trump-kampanjen fekk informasjon frå russisk etterretning. Han vil ha Trump jr. til å vitne for komiteen og svare på spørsmål om møtet han hadde med den russiske advokaten i juni 2016.

Natalia Veselnitskaja har avvist at ho har noko med russisk etterretning å gjere, og russiske styresmakter har også gjort det klart at ho ikkje representerer andre enn seg sjølv.

Avis: Trump Jr. ble informert om at informasjonen kom fra den russiske regjeringen

SISTE NYTT

Siste nytt