Ei kjelde seier til den Qatar-baserte nyheitskanalen
at Afghanistans president Mohammed Karzai gav beskjed til dei norske diplomatane, som skulle møte Taliban-representantane, at dei kunne få justisministeren og posten som høgsterettsjustitiarius.Har base i Qatar
Seinare skal Al Jazeera ha fått stadfesta dette frå ei anna kjelde i hovudstaden i Qatar, Doha. Det er nettopp i Doha at delegasjonen som deltok i samtalar i Oslo har tilhaldsstaden sin.
Kjetil Elsebutangen, pressetalsmann i UD, vil ikkje kommentere meldinga om fredssamtalar med Afghanistan i Oslo.
Foto: Øyvind Bye Skille / NRKPressetalsmann Kjetil Elsebutangen i Utanriksdepartementet seier til NRK at dei ikkje vil kommentere meldinga i Al Jazeera.
– Vi brukar ikkje å kommentere norsk deltaking i eventuelle freds- og forsoningsprosessar, er det ordknappe kommentaren frå UD-talsmannen.
Al Jazeera melder at representantane frå Taliban har vore i Doha i Qatar i rundt eitt år. Her har dei møtt representantar frå fleire land som vil prøve å få til ein fredsavtale for Afghanistan, men samtalane hittil har vore resultatlause.
Samtalane i Oslo skal heller ikkje ha gitt resultat.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– For mykje mas
Trass i at Taliban-delegasjonen har vore i Doha i nesten eitt år, har dei enno ikkje oppretta eit fast kontor i byen. Kjelder seier at delegasjonen frå Taliban synest det har vore for mykje mas frå diplomatar.
Tyskland har vore det mest aktive landet, og via ein diplomat frå eit tredjeland skal Taliban ha gitt tyskarane beskjed om å la dei vere i fred. Den vesle golfstaten Qatar har ifølgje Al Jazeera sine kjelder ambisjonar om å spele ei aktiv rolle for å få til ein fredsavtale i Afghanistan.
Kjelder som skal vere «nær forhandlingane» seier til Al Jazeera at Taliban på langt nær er klare til å inngå ein avtale og leggje ned våpna.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Sjå på snøen
Det var det diplomatiske presset mot Taliban-delegasjonen i Doha som gjorde at dei tok seg ein tur til Oslo. Ei kjelde seier at dei reiste for «å sjå på snøen». Det skulle indikere at dei har vore her i løpet av dei siste par månadene.
Så kom altså tilbodet frå Karzai medan dei oppheldt seg i Oslo, men Al Jazeera melder at trass i fleire purringar frå afghanske styresmakter, så har ikkje Taliban svart på tilbodet frå Karzai.
Det er uklart kven som snakka med Taliban frå norsk side, sidan norske styresmakter nektar å uttale seg om si rolle i freds- og forsoningssamtalar.
LES OGSÅ:
– Trur dei kan vinne på slagmarka
Ei kjelde som har delteke i både offisielle og uoffisielle samtalar med taliban-representantar i Frankrike i desember i fjor, seier at gruppa gav inntrykk av å tru at dei har gode sjansar til å vinne kampen på slagmarka. Dette er grunnen til at dei ikkje er interesserte i å forhandle.
Leiaren for Taliban-delegasjonen ved desse samtalane skal ha vore Maulvi Shahabuddin Dilawar.
- Det var heilt tydeleg at Dilawar var overraska over alt snakket om koalisjonar og val. Dei trur framleis dei kan vinne krigen, seier kjelda til Al Jazeera.