NRK Meny
Normal

– Største trusselen er på innsida

Den største trusselen mot den katolske kyrkja er synder på innsida, meiner pave Benedikt.

Paven taler til presse på flyet til Portugal

TALAR HØGT: Pave Benedikt snakkar til pressen på veg til Portugal for å snakke om verdiar og økonomisk krise.

Foto: GREGORIO BORGIA / Ap

Pave Benedikt i samtale med presidenten i Portugal Anibal Cavaco Silva

Pave Benedikt i samtale med presidenten i Portugal Anibal Cavaco Silva.

Foto: JOSE MANUEL RIBEIRO / Reuters
Paven på veg til Portugal

Paven meiner den største trusselen mot den katolske kyrkja kjem frå innsida.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

– I dag ser vi korleis dei største truslane mot kyrkja ikkje kjem frå fiendar på utsida, men at dei er borne fram frå innsida av kyrkja, sa Pave Benedikt på flyet på veg til Portugal.

Paven har tidlegare i år vist vilje til å rydde opp i skandalen rundt misbruket av barn og unge i den katolske kyrkja.

Les: Paven møtte overgrepsofre

I dag reiste han til Portugal, der det er venta at han vil be det portugisiske folket å halde oppe sine kristne verdiar når den økonomiske krisa nermar seg.

Heller økonomi enn pedodili

Portugal er det landet i Europa etter Hellas som er hardast råka av økonomikrisa. Carlos Azevedo, hjelpebiskop i Lisboa og koordinator under pavebesøket, trur paven vil bruke meir tid på å snakke om den økonomikrisa enn om seksuelle overgrep.

– Paven vil oppmuntre institusjonar til å hjelpe og vise solidaritet i vanskelege tider, seier han ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Les også: Gigantfond skal hindre krisespredning i EU | - Flere land skjuler underskuddene

Europa manglar verdiar

Paven skal vere fire dagar i Portugal. I ettermiddag skal han halde ei utandørs messe ved elva Tagus. Det er venta at så mange som 160.000 menneske kan møte opp der.

Azevedo trur han vil prøve å vekke Europa:

– Europa treng ei vekking, det er mangel på verdiar. Om det hadde vore sterkare etisk samvit, ville vi ikkje ha hamna i den noverande økonomiske krisa, seier han.

Les også: Stoltenberg frykter ny økonomikrise

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt