Hopp til innhold

– Sørsudanske leiarar må rydde opp

Utanriksminister Børge Brende (H) meiner dei sørsudanske leiarane har skulda i den massive humanitære krisa i Sør-Sudan, og at regjeringa no må ta ansvar.

Børge Brende og Salva Kiir.

Børge Brende og Sør-Sudans president Salva Kiir under eit møte i Juba i 2014.

Foto: Astrid Sehl/utenriksdepartementet / NTB scanpix

På kort sikt risikerer 100.000 menneske å svelte i hel i Sør-Sudan. Over ein million menneske er ramma av matmangel. 5,1 millionar menneske har akutt behov for mat og naudhjelp, ifølgje FN.

Ein million sørsudanske born er underernærte, og for 270.000 av dei er situasjonen akutt. 3,5 millionar menneske er på flukt internt i Sør-Sudan eller i nabolanda.

Humanitær krise

Martha Skretteberg i Sudan.

Martha Skretteberg etterlyser tiltak frå det internasjonale samfunnet for å få slutt på krisa i Sør-Sudan.

Foto: Caritas

Generalsekretær Martha Rubiano Skretteberg i Caritas kom tilbake frå Sør-Sudan for eit par dagar sidan. Ho er sjokkert over det som møtte henne der . Den humanitære krisa i landet er enorm, seier ho, og ho meiner at det internasjonale samfunnet må gjere noko for å få slutt på elendet.

Børge Brende har også fått rapportar om svært grove overgrep i stort omfang, og han er spesielt uroa over motsetningane mellom ulike etniske grupper i den ferske nasjonen.

– Krisa i Sør-Sudan er i all hovudsak menneskeskapt og konfliktane kan løysast politisk. Ansvaret ligg hos partane i konflikten. regjeringa og opposisjonsgruppene må stå til ansvar for at dei framleis vel krig framfor fred, seier Børge Brende.

Han seier at Noreg lenge har gått inn for målretta økonomiske sanksjonar mot personar som hindrar fredsprosessen i landet. Noreg og EU har alt innført ein våpenembargo mot landet, men Brende meiner det er naudsynt med eit verdsomspennande forbod.

Steven (13) tvungen på flukt etter massakre

Norsk innsats

Det norske engasjementet i Sør-Sudan går heilt tilbake til 1970. Noreg er blant dei landa som gir mest humanitær bistand til landet, og i år er det løyvd 135 millionar kroner til akutte humanitære behov.

Desse pengane blir kanaliserte gjennom norske organisasjonar som jobbar i landet, FN og andre internasjonale organisasjonar.

Sørsudanske flyktningar i Sudan.

3,5 millionar sørsudanarar er på flukt anten internt i Sør-Sudan eller i nabolanda.

Foto: Caritas

Noreg er ein sentral medlem i den såkalla Troikaen, som deltok i forhandlingane som leidde fram til eit uavhengig Sør-Sudan i 2011 og for ein fredsavtale i 2015. Troikaen består i tillegg til Noreg av Storbritannia og USA.

Brende meiner at gjennomføring av reformene det vart semje om i fredsavtalen i 2015, er den einaste farbare vegen ut av krisa for Sør-Sudan.

Han minner om at avtalen frå august i 2015 mellom opposisjonen og regjeringa i Sør-Sudan framleis er bindande.

Steven (13) tvungen på flukt etter massakre

Akutt behov for hjelp i Sør-Sudan – millionar trua av svolt

Garantistar

Nabolanda, Den afrikanske union (AU) og den regionale samarbeidsorganisasjonen Igard står som garantistar for avtalen. Noreg, USA, Storbritannia, EU og Kina stiller seg også bak innhaldet i avtalen.

Utanriksministeren meiner at den noverande krisa inneber at det må jobbast parallelt langs tre hovudspor.

Først hjelp for å løyse den akutte humanitære krisa. Så er det eit politisk engasjement for å få til ei våpen kvile og implementering av fredsavtalen. Deretter blir det viktig å gå i gang igjen den politiske dialogen basert på fredsavtalen frå 2015.

SISTE NYTT

Siste nytt